Det kjem fram av Ungdata-granskinga til Johan Roppen og Lars Jørgen Vik ved Høgskulen i Volda.

Dei har gjennomført ei omfattande gransking av ungdom sine opplevingar av levekår og nærmiljø i seks kommunar, Hareid, Vanylven, Sande, Volda, Ørsta og Giske.

Rapport

Den fyrste samla rapporten kom tysdag i denne veka, og han inneheld også ei gransking frå den same målgruppa om gjeld idretts- og kulturtilbod.

Forskarane peikar i granskinga på at det på einskilde område er store skilnader kommunane i mellom på korleis ungdom opplever nærmiljøet sitt.

Eit døme er oppvekstvilkåra. På spørsmål om ungdommane kan tenkje seg å late sine born få vekse opp i deira heimkommune, svarar 72 prosent av ungdommane i Ørsta «Ja, særs gjerne» eller «Ja, gjerne». Den same prosentdelen i Volda svarar også ja, medan tilsvarande tal for ungdommane i Hareid og i Vanylven er 59 prosent.

Heimkommunen

I granskinga har både ungdomsskuleelvar og elevar frå den vidaregåande skulen vore med. For dei svara som gjeld skilnader på kommunane, er det berre svara frå ungdomsskuleelevane som er tekne med.

– Elevane frå Hareid og Vanylven er langt meir skeptisk til å late borna sine veks opp i heimkommunen enn elevane frå dei andre kommunane. Åttandeklassingane er mest positive til å late sine framtidige born vekse opp i heimkommunen. Dei positive haldningane med omsyn til dette vert gradvis svakare oppigjennom klassestega, kommenterer forskarane.

Rusmiddel

Det har også vorte stilt spørsmål om bruk av rusmiddel, og det viser seg at ungdomsskuleelvane i Ørsta er mest varsame med alkohol, saman med ungdommane i Giske. I Ørsta svara 71 prosent av ungdomsskuleelvane at dei aldri drikk alkohol, medan talet for Giske var 72 prosent. I Volda svara 67 prosent at dei aldri drakk alkohol, medan talet for Vanylven var 51 prosent.

Og når forskarane spør ungdommane om dei har vore rusa siste halvåret, kjem ungdommen i Ørsta best ut. Åtte prosent svara at dei har vore rusa siste halvåret, medan talet for Volda er 11 prosent. Sytten prosent av ungdomsskuleelvane i Vanylven svara at dei har vore rusa i løpet av det siste halvåret.

Narkotika

På generelt nivå slår forskarane fast at bruken av rusmiddel aukar gradvis opp i gjennom klassestega, og mest frå ungdomsskulen til vidaregåande skule.

Og med alderen aukar også trongen og trua blant nokre på å nytte narkotiske stoff. I Hareid trudde 24 prosent av ungdomsskuleelvane at dei kunne skaffe seg cannabis i løpet av to til tre dagar. I Volda svarte 12 prosent at dei kunne skaffe slikt stoff i løpet av to til tre dagar, medan svarprosenten for Ørsta var ti og for Giske ni.

Framtidstru

Elevane vart spurte om framtidstru. Her er forskarane varsame med å konkludere, då det er ein høg «veit ikkje»-del blant svara.

Likevel: 71 prosent av ungdommane som var med i granskinga svara ja på at dei trudde dei ville får eit «godt og lukkeleg» liv. 59 prosent svara at dei trudde dei ville kome til å ta universitets- eller høgskuleutdanning.

Ikkje overraskande var jentene minst nøgde med utsjånaden sin, og det er ein tendens i svara at elevane vert mindre og mindre nøgde med fleire sider av livet sitt etter kvart som dei kje oppover på klassetrinna.