I dei to trollgarna fanst det ikkje ein einaste torsk. Ikkje noko som likna heller. I staden kunne den røynde hobbyfiskaren plukke ut atten representantar for haisorten hågjel.

– Eg har fiska på denne måten i seksti år, og har aldri opplevd maken. Vanlegvis får eg småhai på line i djup sjø. Eg hadde aldri trudd eg skulle få slike heilt opp i fjøresteinane!

Djupvassfisk

Hågjelen er ein djupvassfisk som lever på mellom 50 og 200 meters djupn, ifølgje boka “Dyreliv i havet”. Han jaktar om natta og søv om dagen, og kan bli kring 80 cm lang. I boka står det at hågjelen er observert på 25 meters djupn. No kan Oddmund Hovden fortelje at han fekk ein heil delegasjon hågjel i garn som stod på femten til 25 meters djupn. Altså så nær land som det er råd å setje garn.

Hytte

Oddmund har gjort det til ein vane å setje trollgarn på Berknesstranda der han har hytte. Det likar han godt. Han får vatn i kjeften av å tenke på at det kan ligge nokre passelege torskar og ventar på han i garna, fisk han kan hive på kjøkkenbenken til kona Signe.

Det har han gjort mange gonger. Men no meiner Hovden det må vere ubalanse i høve matforholda i sjøen.

– Når hågjelen kjem så nær land som han gjorde, og leitar etter mat der småtorsken skal beite, må det vere fordi det er mindre mat enn før lenger ute i fjorden. Og det er tydeleg at denne småhaien skremmer vekk all anna fisk, vurderer Oddmund.

Også då han drog garn for tre veker sidan, ein kilometer frå den staden han no fiska, kunne Oddmund plukke nokre hågjel-eksemplar frå garnet, den gongen seks stykke.

Mistanke

Hovden fekk mistanke om at det var eitt eller anna unormalt på gang då han skulle vise barneborn måsungane på Vindferholmen på Berkneset Han er eit eldorado for hekkande stormåsar. Frå båten kunne Oddmund konstatere at det gjekk mot ein fin hekkesesong. Men då han seinare kom tilbake for å sjå dei langbeinte fugleungane springe rundt, snart klare for takeoff, såg han ikkje snurten av ein einaste unge. I fjor på same tid talde han over 30 ungar.

– Eg tenkjer at stormåsane avbraut hekkinga grunna matmangel slik enkelte sjøfuglarter har gjort på Runde. Vi opplevde også i sommar at måsen tok fiskeavfall frå fingrane våre, ja, dei var desperate etter mat. Vi har aldri opplevd dei slik.

Oddmund la nokre haiar på ein stein slik at det var fritt fram for både måse og ørn, men dei snudde tvert då dei oppdaga kva som vart bode dei.

Seig

– Hågjel er definitivt ikkje god middag for fuglane. Og det kjem nok av det seige og ru skinnet.

Då Oddmund skar opp nokre hohaiar, fann han egg store som druer.

– Det handlar om indre befruktning og fleire månaders drektigheitstid. I egga var det fine, gule plommer.

– Kva no med juletorsken?

– Nei, det ser dårleg ut. Hågjelen har skremd all fisk lang veg. Laurdag vart det pizza i staden for torsk, humrar hovdebygdingen i skjegget.

I fisken fann Oddmund Hovden egg store som druer.