Adm.dir Rune Kiperberg i Tussa Nett fortel at det skal mykje til før straumen til bustadhus vert stengd.

– Våre rutinar bygg på bransjen sine standardrutinar om leveringsvilkår og reglar om stenging, seier Kiperberg.

Først vert det send ein ordinær faktura til kunden. Når den går over betalingsfristen, vert fakturaen send vidare til innfordringsselskapet Kredinor som purrar og varslar om stenging. Om rekninga framleis ikkje vert betalt, får Tussa tilbakemelding om kven det er som ikkje betalar.

Kiperberg fortel at ein må ha uteståande minst tre tusen kroner for at stenging skal verte vurdert. I tillegg går det minimum ni veker frå fakturaforfall til faktisk stenging.

– Vi gjer også ei individuell vurdering av kvart tilfelle, der vi hentar inn informasjon om det til dømes bur små born i huset, om det er medisinske problemstillingar eller anna. Slik veit vi at ikkje liv og helse vert sett på spel. Vi har også ein dialog med NAV i dei samanhengane det er naturleg. Dersom alt sjekkar ut, og det ikkje er faktorar som gjer at liv og helse vert sett på spel, vert det stengt, seier Kiperberg.

Han poengterer at nettselskapet gir fleire varsel og har direkte dialog med kundane, men at dei ikkje kan styre kva kundane eventuelt finn på i etterkant av straumstenginga.

Når det er kaldt ute, slik som i dag, vert straumen heller ikkje stengt.

– Er det kaldare enn -5 grader, vert ikkje straumen stengt. Vi har uansett valt å ikkje stengje vinterstid, for det kan få større konsekvensar enn det vi vurderer som forsvarleg. Temperatur og vêr er ein del av dei individuelle vurderingane som vert gjort. I dag hadde ikkje straumen vorte stengt, seier Kiperberg.