– Ting skal ta litt tid, skjemta Vassendgutane då dei onsdag kveld troppa opp på klubbmøtet til dei sju medlemmene i Volda Vinyl.

I meir enn ti år har guteklubben stått på barrikadane for å samle og høyre på tallause vinylplater og misjonere for formatet. På møta vert CD-plater berre omtala som «det unemnelege». Både hifi-anlegga og musikkunnskapane blant medlemmene er i særklasse, så diskusjonane og platespelingane varer gjerne langt ut i dei seine nattetimar.

I Møre-Nytt i 2009 sa Volda Vinyl-medlem Gunnar Strøm at klubben har mange kampsaker. Blant anna fremja dei eit krav om at Vassendgutane måtte gi ut platene sine på vinyl.

Dette merka Vassendgutane seg, og har no teke vinylklubben på ordet. Fem hundre LP-plater av det siste albumet «Hesteslepp» har difor vorte trykt opp.

– Vi tener nok ikkje pengar på dette, men det er litt stas, sa Sindre Aam i Vassendgutane då han delte ut platene til vinylentusiastane.

Vassendgutane er ikkje dei einaste musikarane som trykkjer opp vinylplater for tida. På mange måtar har vinyl overlevd CD-formatet, og både Side Brok og Egil Olsen frå Ørsta gir ut platene sine på vinyl. Medan salet av CD-ar stuper på landsbasis, går salet av vinyl tilsvarande oppover.

Gunnar Strøm rosar Vassendgutane for at dei endeleg gjorde det einaste rette, og trykte opp vinylplater.

– Det er tøft at de har gjort dette. Dei som er kjernepublikumet dykkar kjøper kanskje ikkje så mykje vinyl enno, men dette kan bidra til at dei får auga opp for vinylplater, meinte han.

«Hesteslepp» på vinyl er no å få kjøpt på nettet og i eit par vinylplatebutikkar i Bergen og Oslo.