Svarprosenten var på 93 prosent for ungdomsskulane og 85 prosent for vidaregåande.

Torsdag var rådgjevar Erlend Thorup frå Kompetansesenteret for rusfaget i Volda, og han la fram resultatet frå undersøking for kommunestyret.

– 98 prosent av ungdomsskuleelevane seier at dei trivst godt på skulen, og landsgjennomsnittet er 94 prosent. På vidaregåande svarar 99 prosent at dei trivst godt. 95 prosent av elevane seier at dei ikkje opplever hendingar med mobbing på skulen eller i fritida, men fem prosent av ungdomsskuleelvane seier at dei vert mobba kvar veke. Det er viktig at ein held auge med desse fem prosentane, og gjer noko med det, seier Thorup.

– Stor nedgang i aktivitet

Tala frå Volda viser også at det som gjev mest status i ungdomsmiljøet er å vere til å stole på. Det å vere flink i idrett er det nest viktigaste, og bra utsjånad og å vere god på skulen kjem på plassane bak. På botnen kjem røyk, hasj og alkohol. Og det er ein mikroskopisk prosent som har sagt at bruk av hasj gjev status.

– Når det kjem til elevar som har vore med på møte, aktivitetar eller øvingar i ulike foreiningar minst ein gong den siste månaden, er det ein nedgang over aldersgruppene. På 8. trinn svarer 73 prosent at dei er med i eit idrettslag, medan i 1. klasse på vidaregåande er det 41 prosent som er med. Det er eit vesentleg fråfall, og ei kjent problemstilling innanfor idretten. Likevel er aktivitetsnivået i Volda er omtrent på det nasjonale gjennomsnittet.

– Spesielt jenter slit med psykisk helse

Under helse og trivsel kom det fram resultat som Thorup meiner gjev grunn til uro.

– Ein tredel av elevane i undersøkinga uroar seg mykje for noko.

Tala er også høge for dei som har følt seg ulykkelege, triste eller deprimerte, vore uroa for framtida og følt seg einsam.

– Desse tala er det viktig å ta med seg i det vidare arbeidet. Ein skal vere forsiktig med å sjukleggjere slike ting i ungdomstida, men det er ein unormal stor del som har svart ja på desse spørsmåla. Det er også tydeleg at det er jenter som har størst problem med psykiske plager, seier Thorup.