– Ta vel i mot bøsseberarane, oppmodar Paul Kristian Hovden, på vegner av aksjonskomiteen.

Glade for å vere med

Rådhuset fungerer som base for bøsseberarane, og søndag ettermiddag var det lang kø av folk som ville stille opp for aksjonen, som i år er til inntekt for demenssaka. Møre Folkehøgskule stiller tradisjonen tru med fleire av sine elevar, og søndag var over 60 av dei i aksjon.

– Vi er glade for å vere med. Det er ei sak som gjeld alle, seier Marit Aashamar, Elise Svaleng Johnsen og Ingvild Akiny Hvoslef.

Fartein H. Nilsen og Herman Glenne stiller også opp med glede.

– Vi har forstått det slik at dette er ein tradisjon for folkehøgskulen å vere med på, og det er eit flott tiltak for oss. Vi får gitt noko tilbake til samfunnet. Det er også eit flott tiltak TV-aksjonen går til i år, seier dei.

Ingen tid å miste

Over 70.000 menneske i Noreg har Alzheimer eller ein anna demenssjukdom. I løpet av dei neste tiåra vil talet verte fordobla.

Gjennom TV-aksjonen NRK 2013 er målet å styrke tilbodet til menneske med demens og deira næraste. Aksjonen har fått tittelen "Ingen tid å miste".

Enno er det ingen medisin eller vaksine mot demens. TV-aksjonen skal gi eit løft til forskinga slik at demensgåta kan verte løyst. Målet er å utvikle vaksinar og medisinar slik at det vert muleg å leve betre med demens og hindre utvikling av sjukdomen.