Vanlegvis tek ikkje Aksjon Bedre Vei (ABV) standpunkt når det kjem til val av vegtrasear.

– Vi vil ikkje blande oss i den lokalpolitiske heksegryta, seier Furunes.

Men no gjer dei eit unntak.

– Det er viktig å sjå den store heilskapen. Det perspektivet er vekke i lokaldebatten. I staden for å tenke på å binde landsdelar saman, er det her fokus på å lage gode lokalsamband, seier han, og viser til Hafast- fastlandssambandet mellom Hareid og Sulesund.

ABV meiner at Fefast – fastlandssambandet mellom Festøya og Solavågen, på lang sikt vil vere ein samfunnsøkonomisk meir lønsam veg, samanlikna med alternativet Hafast.

– Hafast er ein omveg om Hareidlandet. Det er sjølvsagt viktig at Ulsteinvik og Hareid og den maritime klyngja på øya får ei god tilknyting til den nye ferjefrie hovudvegen mellom Kristiansand og Trondheim, men det får dei via Eiksundtunnelen, som alt er ferdig bygd, seier Furunes.

Lobbyverksemd

Ei naturleg følgje av at vegen går via Fefast, vil vere at det kjem ei Ørstafjordkryssing som legg trafikken vekk frå sentrum, meiner ABV.

– Argumentet som talar for Hafast er industrien og den lokale verdiskapinga. Men vi må tenke heilskap. Ein langtransportsjåfør frå Trondheim har ingenting i Hareid å gjere. Han vil fortast muleg nedover Vestlandet, seier Furunes, og peikar på at vegen via Fefast vert 15 kilometer kortare, flatare og billegare enn via Hafast.

– Vi skyt oss gjennom fjell for å unngå nye fjellovergangar. Då treng ikkje vegen å gå gjennom rekorddjupe tunnelar, seier Sunde.

Trasévalet mellom Skei og Valsøya vert det den nye regjeringa si oppgåve å bestemme. Ingenting er klart, og i ABV vil dei drive aktiv lobbyverksemd for å få fram sitt syn.

– Vi er alt i gang med å snakke Fefast for sentrale politikarar, seier organisasjonssekretær Erik Grieg Riisnæs.