Styret i Fefast meiner Fylkestinget var villeia av ein feilaktig rapport då dei gjorde vedtak om Hafast.

– Det tenderer til ein skandale, seier Svein Ivar Aarskog frå Fefast-styret. Dei har bestilt ein rapport frå Telemarkforsking som har sett på mellom anna Victor D. Norman sin rapport, som fylkestinget brukte som grunnlag for å gjere vedtak om at dei ønskjer fastlandssamband mellom Hareid og Sulesund, før fastlandssamband mellom Festøya og Solavågen.

Krev ny handsaming

– Det var nærast hallelujastemning då dei fekk rapporten, mens Telemarkforsking slaktar den, seier Aarskog.

Han forklarer at problemet er at Victor D. Norman- rapporten har lagt inn heile området frå Søre Sunnmøre til Molde som ein region.

– Å pendle frå Fosnavåg til Molde for å jobbe er uaktuelt for dei aller fleste. Det er ikkje realistisk, meiner Aarskog.

Konklusjonen til Telemarkforsking er at rapporten tar for lite omsyn til lokalt næringsliv, og at den også er basert på produktivitetstal frå Oslo.

– Fylkesting og departement er villeia i saka.

Aarskog viser mellom anna til kommunalminister Liv Signe Navarsete som har rosa fylkestinget for vedtaket om Hafast.

– Ho veit ikkje kva ho snakkar om. Vi vil snarast råd informere departement og minister, og vi krev ei ny runde i fylkestinget i denne saka.

Ønskjer ny rapport

Det var Hafast AS som bestilte Victor D. Norman-rapporten. Fefast-styret forventar no at det vert laga ein uhilda rapport med lokale variasjonar, og med realistiske pendlaravstandar.

– Og det er forskjell på Oslo og Sunnmøre. I Norman sin rapport er det svært høge produktivitetsverdiar. Alle verksemder er lagt inn med høg produktivitetsgevinst. Men på Sunnmøre har vi også lågskala bedrifter med ein til fem tilsette. Dette må vi ta omsyn til, seier Aarskog klart.

Dei ønskjer at Statens vegvesen som fagmynde skal utvikle ein ny rapport.

– Og vi set vår lit til at dei ikkje vil lytte til lettvinte påstandar som ikkje held mål, seier Aarskog.