- For oss er det sjokkerande å høyre om dei to seglbåtanesom fekk problem. Vi skulle møtest i Lerwick og hyggje oss i lag. No er viglade for at alt gjekk bra med mannskapa, seier Kjell Arne Steinsvik.

Steinsvik, som er journalist i Møre-Nytt, segla tidlegaredenne veka over Nordsjøen frå Ørsta og til Lerwick på Shetland med seglbåten ”Emma”.Med seg på turen har han sambuaren Kristine Nygård og Bjørn Osdal.

Segla kvar for seg

Dei tre båtane visste om kvarandre, og opphavleg var det meiningadei skulle segle saman.

- Men vi kom til at vi reiste kvar for oss, og vi hellerskulle møtest i Lerwick og prate over ei god pils. Det var sjokkerande å høyrei dag at fyrst Penelope, og så Fri Inspirasjon, kom  i havsnaud, seier Steinsvik.

Emma gjekk frå Noreg og over Nordsjøen eit døger før deiandre to båtane, og det vart ei strid tørn.

Dårleg ver

- Vi fekk dårleg ver, og mykje dårlegare ver enn det som varmeldt. Vindretninga var rett i mot, som meldt, og vi visste at vi ville ha motvind. Men vindenvar langt sterkare enn meldt. Det var meldt fem til seks sekundmeter, men hanvar på det jamne dobbel så kraftig. Stundom var det kuling. Det var fire tilfem meter høge bølgjer, og forbi Statfjord-feltet var det sju til åtte meterhøge bølgjer. Det var til tider ekstremt. Vi vurderte å snu fyrste natta, menvalde å fullføre, fortel Steinsvik.

- Men eg kan skjøne at dei to andre båtane fekk problem vissveret berre var litt dårlegare enn det vi hadde, seier han.

Han fortel at sjøen og vinden ikkje roa seg før Emma nærmaseg Shetland og Lerwick.

- Ubehageleg

Sjølv om det var til tider heftig, fortel Steinsvik at deialdri kjende fare.

- Det var berre ubehageleg. Det var eit slit, men det gjekk framoverutan store problem, seier han. Båten hans, ein Beneteau Oceanis 411, er på 41fot.

Steinsvik og mannskapet skal vere på Lerwick til fredag. Dåer det retur til Noreg og Bergen.

- På heimturen er det meldt skikkeleg medvind, frå vestsørvest.Men vi kan ikkje berre stole på vêrmeldingane på yr.no og andre versider. Dennegongen skal vi ringje opp meteorologisk institutt for å sjekke heilestrekninga, seier Steinsvik.

Onsdag kveld tenkte dei tre mykje på vennene i dei andrebåtane. I Lerwick var det då overskya og vindstille.