Det var onsdag føremiddag båten fekk problem om lag åtti nautiske mil vest for Florø. Båten gjekk frå Florø, og skulle til Shetland.

Det vart kl. 11.40 meldt frå om lekkasje om bord. Hovudredningssentralen sende ut helikopter frå 330-basen i Florø, og supply-båten Rem Supporter vart også sendt mot havaristen.

Mannskapet bad om å få evakuere før helikopteret nådde fram, og dei kom seg då over i Rem Supporter. Seinare vart det henta av redningshelikopteret, og frakta til Florø.

Seglbåten har enno ikkje gått ned. Mannskapet skal vere frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Skipperen budde om bord i båten i Ørsta.

Nærmaste skip var altså Rem Supporter frå reiarlaget Rem Offshore i Fosnavåg.

- Vi var om lag fire nautiske mil unna då vi fekk naudmeldinga, og gjekk direkte til båten, seier kaptein Stig Nesset til smp.no

På det tidspunktet hadde båten byrja å ta inn vatn, og mannskapet opplyste at begge pumpene om bord hadde svikta. Meldinga frå hovudredningssentralen var at Sea King-helikopteret var om lag ein halv time unna. Veret var relativt dårlig med vind rundt 40 knop, og sjølv det store supplyskipet hadde lagt seg i ro. Veret var langt dårlegare enn meldingane som var varsla.

- Seglbåten slingra ganske kraftig. Det oppstod også røykutvikling om bord. Då ynske mannskapet å gå frå borde, og vi la ut MOB-båten og fikk henta dei om bord, seier Nesset til Sunnmørsposten. Dei fem var oppskaka, men i god form.

Det vart gjort forsøk på å slepe "Penelope" inn til Mongstad, men natt til torsdag gjekk båten ned.