Som vanleg har medlemmene teke med seg båtane, og segla tilØye i pinsa. Lite ante dei at dei skulle få eit så strålande ver som dennepinsa har gjeve. Når pinsa er så tidleg som i år, kan det også vere kaldt. Menmed temperaturar på over tjue grader, er det berre ein idyll.

15 båtar

- Her har vi det flott, og i år er vi også rekordmange båtarmed femten i talet, fortel Andres Steinnes.

Det er slett inga pinse for latmannsliv på Øye. Rett nok hardet vorte nokre timar i solsteiken på dekk, men aktivitetane er mange og gode.

Kviteggja

- Vi har mykje å gjere. Nokre av oss skal på Kviteggja,nokre på Skårasalen, og nokre har med sykkelen for turar i Norangsdalen ogutover fjorden mot Urke. I dag (pinseaftan) har  vi til dømes vore på sykkeltur til Urkelandhandel for å handle, fortel Bjørn Helset.

Nokre har også med seg mindre båtar og kajakkar, og har voreute på fjorden.

Retur måndag

Turen frå Ørsta og til Hjørundfjorden og Øye er altså årvissfor medlemmene i Ørsta Seglbåtforeining. Båtane ligg ved småbåthamna inst iNorangsfjorden, og medlemmene har også leigt kaihuset ved bryggja for høvet,slik at dei også kan ha eit haldepunkt på land.

Måndag, 2. pinsedag, er det retur til Ørsta.