Det vart vegsirkus for Cirkus Merano onsdag. Sirkuset hadde ikkje høyrt om Kvivsvegen, og valde dyre ferjebillettar mellom Volda og Folkestad i staden for å køyre Kvivsvegen.

Cirkus Merano var på Stryn tysdag, og hadde ny framsyning i Ørsta onsdag. Det er tjue år sidan Cirkus Merano sist var i Stryn, og rekna med at kjappaste veg til Ørsta var via Stigedalen, melder Fjordabladet.

Ferjeturen åleine kosta sirkuset 10.000 kroner, og i tillegg kjem drivstoffutgifter for ei mykje lenger vegstrekning.

Pressekontakt i sirkuset, Arnt Helge Johansen, seier at dei aldri har høyrt om Kvivsvegen, og at dei køyrde den vegen dei kjende til frå før.

– Det er 20 år sidan sist Merano var i Stryn, og vi har alltid køyrt om Stigedalen for å kome oss nordover mot Sunnmøre. At ein ny veg er blitt opna i det siste tenkte vi ikkje på, seier Johansen til Fjordabladet. Han vil ikkje vil skulde nokon for manglande informasjon.

Berre ferjebilletten åleine kostar rundt 10.000 kroner for dei femti bilane som Cirkus Merano har på vegen. Med bensinpengar i tillegg vart det store ekstra utgifter for sirkuset, som ikkje var blitt orientert om den langt raskare vegen gjennom Kvivstunnelen. Då hadde dei også fått halvert reisetida.

Ordførar Sven Flo i Stryn skuldar på dårleg skilting.