Voldingen Christer Lundberg Nes lanserte fredag boka si «Skikompis». Målet med boka å er vise korleis ein kan ferdast tryggare i vinterfjellet, og lære turgåarar på ulike nivå å forstå terrenget, snøen og vêret.

Erkevoldingen, som han sjølv kallar seg, Christer Lundberg Nes, har lang og brei erfaring med korleis ein ferdast i fjellet. Denne erfaringa hadde han eit ynske om å få ned i bokformat, og det var noko som mangla i litteraturen som eksisterer.

– Mykje av stoffet i boka har vorte til gjennom formidling mellom meg og Kjetil Leknes. Dette er ei ny tilnærming på feltet sidan det vert formidla erfaringsbasert kunnskap. Det er få råd om korleis vi skal ferdast i fjellet,og om køyrereglar i bøkene som er på marknaden i dag. Dette har vorte gløymt i tilgjengeleg litteratur, seier forfattaren.

Beste lina med den beste snøen

«Skikompis» er gitt ut på Selja Forlag i samarbeid med Friluftsrådet for Ålesund og omland. Forfattaren er i dag tilsett i Friluftsrådet med ansvar for skredkurs og opplæring i trygg ferdsel i vinterfjellet. I tillegg er han godkjend internasjonal Tindevegledar, aktiv medlem i skredgruppa i Volda og Ørsta og Ørsta Røde Kors Hjelpekorps. Han har nesten tjue års erfaring med skredkurs og opplæring i trygg ferdsel, og håper at boka skal vere med å førebyggje snøskredulykker.

– Før ein startar ein tur må ein diskutere forhold og finne den beste lina med den beste snøen. Når ein har funne svaret på om det er terrengfeller eller fareteikn i snøen, kan ein byrje å gje konkret informasjon til folk.

Forord av Faarlund

---- «Skikompis» skal vere ei praktisk bok, og har også eigne kapittel for fjellskikøyring, toppturar og offpist køyring. Boka handlar om å vere minst to personar på tur, og ifølgje forfattaren er kunsten å finne den tryggaste lina – med den beste snøen. Ein av dei største friluftsideologane i Noreg, Nils Faarlund, har skrive forordet til boka: «Med Christers bok kan alle som ferdes utenfor preparerte løyper og nedfarter få kyndige råd ut fra sine forutsetninger for våkne vegvalg i snødekket lende».

Skikompis er også godt illustrert, og dette er det ørstingen Kristian Østgaard som har gjort. Håvard Myklebust har teke omslagsbiletet, og forfattaren takkar spesielt Kjetil Leknes for gode innspel til boka.