– Då eg såg dette i går kveld vart eg nesten sprekkferdig av sjølvtillit. Det er nesten så eg må ta meg nokre rundar ned på Amfi og vise meg fram, seier ein lattermild Kjøde då Møre-Nytt ringer for å få ein kommentar.

Det er Norsk Målungdom som har starta konkurransen som skal kåre den mest sexy nynorskbrukaren i landet. Til no er åtti kandidatar nominert, mellom andre Sveinung Rotevatn, Are Kalvø, Yngvar Andersen og Oddvar Torsheim. Folk vert oppmoda om å sende inn forslag til fleire kandidatar.

Kjøde tek nominasjonen med eit smil, men innser at han kanskje ikkje er eit naturleg førsteval i ein slik konkurranse.

– Då eg studerte meg sjølv i spegelen byrja eg tru det kan vere snakk om ei forveksling, seier han.

– Kva synest du om å konkurrere mot Sveinung Rotevatn og Are Kalvø?

– Dei har ikkje ein sjanse. Dei har for lite grått skjegg og for få arr i andletet. Men Torsheim ligg godt an og er ein farleg konkurrent, seier Kjøde, og gir ros til ungdommane som har laga konkurransen for å skape blest om Norsk Målungdom.

– Målungdomen er artige, har humoristisk sans og godt humør, meiner han.

Leiar Vebjørn Sture i Noregs Målungdom nominerer Terje Kjøde til Noregs mest sexy nynorskbrukar.