Med kurset «Lær å mobbe» er målet at fleire skal tenke seg om før dei plagar andre.

– Eg har aldri opplevd at Ørsta ungdomsskule er ein stad med mykje mobbing, understrekar elevrådsleiar Anna Holen Bjørdal.

– Men det er noko som heiter skjult mobbing. Nettet er ein farleg plass, og vi skal ikkje vere naive. Digital mobbing skjer, seier ho.

Lærer å mobbe

Med kurset «Lær å mobbe» får elevane lære kva som skal til for å verte ein god mobbar. Som dr. Gunnar Pensum snur Tor Arne Johnsen temaet opp ned i forhold til kva folk er van med. Dermed kjem det også tydeleg fram kva som skal til for å stoppe mobbing. Framsyninga skal gi elevane innsikt i kva mobbing gjer med mobbeofferet, med mobbaren og med dei som er passivt publikum

– Dette er noko anna enn å få med eit brev heim. Her får elevane oppleve noko som kan gjere at dei tenker meir over saka, seier Bjørdal. Elevane får sjå framsyninga førstkomande tysdag.

Leiar i FAU, Eli Birkeland, fortel at også foreldra skal få sjå framsyninga på eit foreldremøte seinare på kveld.

–Foreldra har også uttrykt eit ønske om eit møte om mobbing, fortel ho.

Føre var

Rektor Kari Buset er glad for initiativet.

– Vi har gode rutinar når det kjem til å handtere mobbing, og det er ingen spesiell grunn til at vi skal ha denne framsyninga no, men det er bra å vere føre var, meiner ho.

I ei elevundersøking i fjor kom det fram at fleire elevar ved ungdomsskulen var utsette for mobbing. Buset fortel at denne undersøkinga var misvisande.

– Fleire elevar har innrømma å ha gitt falske svar, fortel ho.

– Men har vi mobbesaker handterer vi dei med største alvor, understrekar ho.

Eli Birkeland håper at mange foreldre vil ta turen på foreldremøtet for å sjå framsyninga.

– Det vert klassevise møter etterpå der det er mulegheit for å diskutere og snakke om korleis vi skal møte ulike utfordringar.

Også rektor Buset gler seg til framsyninga.

– Kanskje får vi auga opp for litt andre måtar å jobbe på.