På LO sitt konferansesenter i Sørmarka og på Stortinget har mange av kandidatane til Arbeiderpartiet dei siste dagane vore gjennom kandidatskolering.

– Eg har vore på møte med Statsministeren og Arbeiderpartiet for å sparke i gang valkampen. Her skal vi finslipe retorikken, velje ut våre hovudsaker og skolere oss på dei. Så vi har jobba knallhardt i tre dagar for å vere så godt rusta til valkampen som vi kan verte. Vi skal vinne valet og vi skal ha fire nye år. Difor må vi sjølvsagt byrje no, seier Bjørdal.

– Oppteken av kunnskap og utdanning

Fleire ifrå toppleiinga i partiet, i tillegg til statsminister Jens Stoltenberg, har tatt del i kandidatskoleringa. Stoltenberg har også fleire lovord å kome med om Bjørdal.

– Fredric Holen Bjørdal er spesielt oppteken av kunnskap og utdanning. Vi treng folk som han på stortinget. Og så er han god til å plukke jordbær, det har vi nemleg gjort saman på Norddal, seier statsministeren.

– Treff Stoltenberg i beskrivinga han gjev av deg?

– Det er rett det han seier om det eg er oppteken, og så er det litt artig at han sett pris på jordbærplukkinga i Valldalen, seier Bjørdal.

– Skal ha inn tre representantar

Den unge politikaren har god tru på at Arbeiderpartiet skal gjere ein godt val i Møre og Romsdal, og han trur at sjansane er gode for at han vert å finne på Stortinget etter valet.

– Alt ser ut til at det skal verte slik. Sjølvsagt er vi avhengig av å gjere ein god valkamp for vi skal ha inn tre og ikkje berre to på Stortinget frå Møre og Romsdal. Det må jobbe knallhardt for å få til. For er det veldig spennande å vere nominert, og eg er ein av dei yngste som er nominert. Kanskje vert eg den yngste på Stortinget etter valet. Så det er ekstra spennande for meg, seier Bjørdal.

– Er ikkje bekymra

– Korleis ser på du sjansane til Arbeiderpartiet for å gjere eit godt val i Møre og Romsdal?

– Slik eg ser det så har vi alle føresetnader for å gjere eit knakande godt val. Meiningsmålingane i fylket er bra, vi har mange gode saker og vi har fått veldig mykje bra som vi også skal få fram i valkampen. Eg er ikkje bekymra for Arbeiderpartiet i Møre og Romsdal, og eg sikker på at vi vil gjere eit veldig godt val.