– På det meste har vi hatt rundt 60 telefonar i løpet av ei veke. Særleg i haustferien var det enorm pågang, fortel hotelldirektør, Jens Brokmann.

Står fast i Volda

Det er i Volda problema startar. Frå ferjeleiet ringer folk til hotellet for å få vite vegen til Stryn og Hornindal.

– Veldig få av dei som ringer skal til hotellet. Dei finn det berre naturleg å ringe. Klokka kan vere halv sju om morgonen eller halv tolv på kvelden, seier Brokmann.

I Volda er det skilta med Fv. 651 Fyrde. Ingen skilt viser veg til Hornindal eller Stryn.

– Det er svært alvorleg at der ikkje er eit gult skilt med Hornindal eller Stryn på. Viss du ikkje er veldig lokal veit du ikkje kvar Fyrde er, meiner hotelldirektøren.

Sunnmøringar

Problemet har vorte diskutert fleire gongar i avisene. Brokmann meiner vegvesenet må ta grep sidan situasjonen ikkje ser ut til å roe seg med det første.

– Det er ikkje utanlandske turistar eller veldig langvegsfarande som ringer. Det er stort sett sunnmøringar, fortel hotelldirektøren.

Han har inntrykk av at butikkane i Volda også har merka pågangen av folk som leitar etter den nye vegen.

– Men eg hjelper dei gjerne, det er berre hyggjeleg. Men eg synest skiltinga bør på plass. Det vil gjere det enklare for folk. Det må vere kjempeirriterande å ikkje finne vegen. Og det er ikkje alltid det passar like bra å få ein slik telefon, seier han.

Skiltjungel

Seksjonsleiar i vegavdelinga i Møre og Romsdal, Ole Jan Tønnesen, kan ikkje love nytt skilt i Volda.

– Vi får veldig mange førespurnader om at det er ønskjeleg med skilt på ulike stader. men det ville ha vorte ein skiltjungel utan like langs det norske vegnettet om vi skulle seie ja til alle som ønska som kjem inn, seier han.

Tønnesen fortel at dei rettar seg etter nasjonale retningslinjer for korleis skiltinga skal vere og kva stader skilta skal peike til.

– Dersom du køyrer E6 frå Trondheim er det skilta til Narvik. Det står verken Brønnøysund eller Mo i Rana eller Fauske, fortel Tønnesen. Han trur det vil vere usikre trafikantar i trafikken, uansett korleis vegvesenet har skilta.

– Men vi set pris på innspel om forbetringar. Det er ikkje om å gjere for meg å argumentere knallhardt, men vi kan ikkje kome alle lokale behov i møte. Dette må gå seg til, seier han.

Tønnesen trur at viss dei som har GPS oppdaterer denne, vil Kvivsvegen kome opp som vegalternativ for dei som skal til Stryn og Hornindal.