" Demensprisen 2012" gjekk i år til"Dalastova" og hjelpepleiarane Ann- Helen Urkegjerde og Bodil Skare.

På ei markering av den internasjonale demensdagen påHjørundfjordheimen i Ørsta, vart hjelpepleiarane Ann-Helen Wille Urkegjerde ogBodil Skare overraska med Nasjonalforeningen for folkehelsen sin demenspris2012.

Dette er ei utmerking som heng veldig høgt.

Fylkesleiar Kari Ristesund hadde dette å seie om kviforutmerkinga gjekk til akkurat desse prisvinnarane:

-  Ann-Helen og Bodil  er personar som ikkje berre snakkar, men somhandlar. Dei har fått med seg dei andre i personalet. Dei har varme hjarte oghender og dei brukar dei til å spreie glede rundt seg. Eg er stolt over å kunnedele ut prisen til dei, sa fylkesleiar Kari Ristesund.

Kjellaug Aarhus

Det var Kjellaug Aarhus som hadde sendt inn forslaget. Isøknaden sin understrekar ho at det arbeidet som vert drive på"Dalastova" ved Hjørundfjordheimen fyller alle kriteria for å vinne einpris.

Ho skriv: "Her er enkeltpersonar som er unike, eigruppe pleiarar som gjer ein kjempeinnsats saman og ei eining i ein institusjonsom viser seg å fungere svært godt. Kvardagsheltane finn ein her !!!".

Stor stas

- Kva synes de om å få denne prisen?

- Det er stor stas, men vi har ikkje gjort dette aleine. Vihar både dei andre tilsette og leiinga med oss. Tidlegare styrar Knut Åmås ogavdelingsleiar Eldrid Øye har gitt oss frie tøyler. Ann-Helen legg til:

- Den største gleda ein kan ha er å gjere andre glad. Det åglede personar med demens gjer meg endå meir glad. Målet er å gjere kvardagenmeiningsfull for kvar enkelt. Eg synes vi har vorte gode på det. Men vi erheldige som bur på ein liten stad der vi kjenner pasientane og veit kva deilikar å drive med.

Stove

Allereie i 2004 var personalet på kurs med Lise Næss fråGerontologisk institutt i Bergen. For å sjå om dei kunne gjere noko for deidemente som var på same avdeling som somatiske pasientar. Dette besøket førtetil at dei pussa opp ei tidlegare arbeidsstove til ei stove med kjøkkenkrok,der dei demente sjølv kunne ta del i matstell og oppvask. Dette vart gjort medinnsamla pengar, dugnad og positivitet.

Aktivitet

To av pleiarane, Ann- Helen og Bodil tok etter detteutdanninga "Miljøterapi i demensomsorga" ved Høgskulen i Volda. Ogfekk etter dette alle dei tilsette på Hjørundfjordheimen, inkludert vaktmeisterog kokke, til å ta "Demensomsorgens ABC". Dei er den einastesjukeheimen i Noreg som har fått til dette.

På Hjørundfjordheimen har dei også vore flinke til å ta dei dementemed på gardsbesøk, hotell, dei eldre er med å hogge ved, plantar, matar fuglar,vaskar opp, stryk klede, og har eit aktivt liv.

Midlar

"Det står stor respekt av det dei har fått til. Einropar alltid på midlar og meir personale. Dette tilbodet viser at ein kan fåtil eit godt tilbod med dei midlane ein ha", skriv Kjellaug vidare isøknaden sin.

Avdelingsleiar Eldrid Øye syntes prisen var fortent. Ho  nytta sjansen til å seie dette tilpolitikarane i Ørsta:

- Dette at vi får til så mykje her blir brukt mot oss. Detblir sagt at når vi reiser på gardsbesøk og andre stader, har vi for mykjepersonale. Men det at dei eldre med dement får vere ute kvar dag, så sant vêrettillet det, prioriterer vi høgt. Dei som styrer veit at vi har låge utgifter.