Det nye selskapet vil ha namnet Nettbuss Midt-Norge AS. Fjord1 Buss Møre som Nettbuss eig 51% av vert lagt inn under det nye selskapet. Selskapet skal verte leia av adm.direktør Snorre Fridén Furberg. Hallstein Lillevik vert regiondirektør Møre og Magne Hetle held fram som adm.direktør i Fjord 1 Buss Møre.

730 bussar

Nettbuss Midt-Norge AS vil ha 1.200 tilsette, kring 730 bussar og ha ei årleg omsetning på ca. 1,1 milliardar kroner, går det fram av ei pressemelding.

– Bakgrunnen for fusjonen er ny strategi for Nettbuss-konsernet der vi held fram arbeidet med å byggje eit sterkare Nettbuss-selskap for å møte den stadig tøffare konkurransen. Fra nyttår vil selskapa i Noreg verte organisert i fire robuste regionale einingar, og allereie i september startar vi arbeidet med å etablere ein eigen salgs- og marknadorganisasjon for alle ekspressbussane, fortel Hallstein Lillevik.

Tre fylke

Fra 1. januar 2013 vil Nettbuss Midt-Norge ha ansvar for drifta i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Det nye selskapet omfattar selskapa Nettbuss Trøndelag, Nettbuss Møre og Fjord1 Buss Møre, og skal leiast av Snorre Friden Furberg. Han meiner større og meir robuste selskap gjer dei mindre sårbare i høve til å miste viktig kompetanse i anbodsverda.

– Gjennom denne organisasjonsendringa kan vi byggje og dele kompetanse på ein betre måte og etablere felles strukturar og standardiserte system. Dermed kan leiarane våre konsentrere seg om det viktigaste, nemleg kundar og tilsette.

Leiande selskap

Nettbuss er eit av Nordens leiande busselskap med verksemd i Noreg, Sverige og Danmark. Konsernet frakta 126 millionar passasjerar i 2011, omsette for 4,9 milliardar kroner og har 7000 tilsette. Nettbuss er heileigd av NSB. Selskapet starta verksemda i 1925, men kan sporast tilbake til den første bussruta i Noreg på Møre i 1908.