Fersk statistikk frå Samordna opptak viser at det i 2009 «berre» var totalt 191 søkjarar på dei 26 plassane ved PR, kommunikasjon og media.

I år syner tala ei kraftig auka lyst til å verte informatør, kommunikasjonskonsulent, eller ein av dei mange andre stillingane ein kan kle med den nypopulære informasjonsutdanninga.

I 2012 er det nemleg heile 513 personar som har ført opp PR-studiet på si søkjarliste – 322 fleire enn i 2009. Det gjev ei nauke på heile 168 prosent på tre år.

– Heilt rått, seier dekan Sverre Liestøl ved medieutdanninga i Volda.

Suksess med praksis

– Kvifor trur du PR-studiet har vorte så populært?

– Æra går nok fyrst og fremst til namneskiftet frå «Informasjon og media» til «PR, kommunikasjon og media», som vart gjennomført i 2010. Lina vart starta opp i 1992, og i all den tid vi hadde det gamle namnet var det nok mange som trudde at vi dreiv med informasjonsteknologi – altså datarelaterte studiar, seier Liestøl.

Dekanen trekk særleg fram både den interne- og eksterne praksisperioden som suksessfaktorar for PR-lina i Volda. Dette er intense arbeidsperiodar i semesteret, der studentane driv internavis eller prosjektverksemd for diverse firma. Siste studieår skal dei også ut i det ganske land for å jobbe to månader i ei bedrift.

–  Eg bruker å seie at studentane våre skal ut i praksis for åvise kva dei kan, seier Liestøl.

Gullalder

Dei siste åra har stadig fleire bedrifter opplevd eit aukande behov for mannskap som kan kommunisere med omverda.

Nettsamfunnet har fått større innpass i folk sin kvardag, medan sosiale medium har danna eit viktig band mellom verksemder, organisasjonar, institusjonar og folk flest.

Liestøl trur dette er med på å starte ein gullalder for informasjonsyrket.

– Eg trur mange bedrifter er i ferd med å oppdage verdien av å ha gode informatørar som kan fronte verksemda, drive omdømebygging og profilar, handtere kriser, og operere på den sosiale medieplattformen.

«Alle» får jobb

Ei undersøking, utført av Høgskulen sjølv, viser at det er hald i det Liestøl seier. Delen studentar som endar opp i relevant mediejobb etter ferdig studium er på 90 prosent.

– Dei siste ti prosentane er anten gravide eller held fram med andre studium. Informatørane er i ei flytsone, der dei har funne sin plass i medielandskapet.

– Kva betyr det for Høgskulen i Volda at medielina – som allereie er populær – vert enda meir ettertrakta?

– Den er jo merkevara vår, så det har sjølvsagt mykje å seie. For oss er det viktig at studietilboda våre vert oppfatta som gode, seier avdelingsdirektør Gonnie Smit ved Studieadministrasjonen.

– Korleis vert dei komande åra for PR-studiet trur du, Liestøl?

– Meir spesialisert. Vi kjem kanskje til å implementere fleire element av journalistikk, som har med mediekontakt og nett å gjere. Prosjekt og designformgjeving er også relevante fagområde.

Dekanen seier dei ikkje kjem til å skru opp talet på studieplassar, noko som talar for at journalistikkstudiet kanskje vil få ein nabo på toppen av karakterkrav-skalaen.

– Trenden snur

Sjølv om medielina er populær, er det også andre fag som utmerkjer seg ved årets opptak.

Smit opplyser at skulen har teke inn 1.269 nye studentar fordelt på dei einskilde linene. 227 søkjarar fekk ikkje plass eller står på venteliste.

– Vi er spesielt nøgde med at bachelorane i sosionom og barnevern er fylt opp, og har venteliste. I tillegg ser det ut til at den negative trenden med færre søkjarar på den lågaste grunnskuleutdanninga (1.-7. klasse) er på veg til å snu. Her har vi allereie fleire søkjarar og ja-svar enn i heile fjor, noko som er bra for heile regionen. Desse lærarane er det behov for, seier Smit.