– Det var verdt det. Men ein treng ikkje å gjere det igjen, seier dei to friskusane etter å ha nådd målet etter sju døgn til sjøs.

Turen starta frå Florø onsdag 20. juni etter at dei to hadde planlagt turen i meir enn eit halvt år. Dei to segla saman til Shetland i forfjor, og Yksnøy heldt fram turen vidare til Karibia og tilbake saman med andre skipskameratar. Ideen om å ro over Nordsjøen fekk dei på den første seglturen.

– Vi tenkte på det undervegs. Og då Erik var på besøk før jul i fjor, sette vi datoen, seier Yksnøy.

Lånte færing

Den første og største utfordringa deira var å skaffe tak i ein færing som var stor nok til ei slik havkryssing. Dei fleste færingane er 15 fot, og dei måtte leite etter ein som var minst 17 fot. Det synte seg at ein slik båt kostar mellom åtti og nitti tusen kroner.

– Men så fekk vi høyre at Leif Reidar Røv på Straumshamn hadde ein slik færing. Eg kjende han ikkje frå før, men ringde og spurde om vi fekk låne båten. Det var ikkje noko problem, og vi har sjeldan møtt ein meir positiv mann, seier Yksnøy.

Vidare fekk dei sponsa utstyr av Plany, Aak og Valcon, så prosjektet let seg gjennomføre utan store utgifter.

Frå nord til syd

Natt til onsdag kom dei altså i hamn i Lerwick på Shetland. Då hadde dei lagt bak seg sju svært tøffe døgn om bord i færingen. Turen starta med ein fin austavind tre døgn i strekk.

– Så lenge det varte, gjekk det veldig greitt, seier dei to på telefon frå Shetland. Vidare auka vinden på, og etter kvart gjekk dei over i overlevingsdraktene. Den femte dagen var dei komne så langt nord mot Shetland at dei trudde dei ville nå nordspissen i løpet av tolv timar.

– Vi var då langt inne i samtalane om kva vi skulle ete og drikke når vi kom fram. Men slik gjekk det ikkje, seier dei.

Ein nordleg kuling bles dei søraust i atten timar, så dei vart ført heilt frå nordspissen til sørspissen av Shetland.

– Då vi nærma oss sørspissen, sakk motet. Vi trudde då at vi kom til å hamne i Atlanterhavet.

Dermed var det lagt opp til ei beinhard økt med roing for harde livet.

– Vi var 18 nautiske mil frå land då eg gjekk av vakt, og Henrik tok over roinga. Då eg vakna seks timar seinare sat han og rodde med blod i hendene, og det var 17 nautiske mil att. Han hadde då gått baklengs ei stund, så han berre måtte snu båten og ro med bølgjene som var 5–6 meter høge, seier Schouw-Hansen.

– Det var på grensa av kva ein kan greie med ein færing. Det var spennande tider.

Rein viljestyrke

Til slutt tok dei ein siste innspurt og bestemte seg for å berre ro det dei makta det siste strekket inn mot Lerwick.

– Vi rodde då tjue timar i strekk. Tretti minutt på, fem minutt av. Det var eit reint helvete. Vi hadde ikkje ete på halvannan døgn, så det gjekk på rein viljestyrke, seier dei.

Då dei nådde land, var dei heilt utmatta etter sju døgn til sjøs.

– Ingen av oss greidde å gå. Vi datt, men greidde etter kvart å gå “månegonge”. Vi såg nok ut som to fulle menn som rava rundt på kaia, fortel dei.

I hamna kom dei kontakt med eigarane av ein femti fots seglbåt frå Bergen som dei fekk bruke til å kome seg til hektene att og få stelt seg.

– Fantastisk god båt

Dei skal no prøve å få skyssa både seg sjølv og færingen tilbake til Noreg. Å ro til Shetland er ei bragd dei kan vere stolte av, men som ikkje freistar til gjentaking.

– Det var kjekt å ha gjort det, men det var ikkje så kjekt å gjere det, smiler dei.

Om båten har dei berre godord å seie, sjølv om 17 fot til tider vart litt i minste laget i Nordsjøen.

– Det er ein fantastisk og stabil båt som tok bølgjene utan problem. Han er bygd for å kunne segle, så han har god kjøl og er lett å styre. Men hadde vi kome skeivt i dei bølgjene vi hadde i 18 timar, hadde vi omtrent gått ned. Det var litt for små marginar. Når ein sit under dekket og prøver å søkje ly ei stund, og bølgjene slår over heile båten så ein må sitje og ause, då tenkjer ein at ein er litt liten i samanhengen, seier dei.

Flotte opplevingar

Undervegs hadde dei kontakt med to båtar; den britiske kystvakta og ein supplybåt. Elles var dei stort sett heilt åleine på sjøen.

– Vi vart følgt av niser og sel, og hadde ein del flotte opplevingar undervegs. Mellom anna fekk vi sove i solsteiken ein heil time, seier dei.

Tryggingsutstyr

Med seg på turen over hadde dei mykje tryggleiksutstyr som redningsflåte, redningsdrakter, GPS-sporingssystem, naudpeilesendar, naudrakettar, drivanker og VHF. Ein naudrigg og eit ekstra årepar var også med på turen. Provianten bestod av hundre liter vatn og sytti pakkar tørrmat.

Roinga gjorde dei på skift, med tolv timar tandemroing og seks timar åleine.

Søvn fekk dei på sine seks timars frivakter, under kalesjen i hekken.

Prøveroing i Volda før avreise.