Førstkomande torsdag vert det utekonsert i Hamneparken for fyste gong. Med Hellbillies på plakaten håper arrangementansvarleg Anders Aanes at så mange som mogleg tek turen.

– Hellbillies er eitt av dei banda som har turnert mest i Noreg. Vi håper og trur at dette blir ein kjempekveld, seier han. Hamneparken som no er ferdig vil bli nytta som konsertarena, og sikkerheitsansvarleg Sigbjørn Mork oppmodar folk til å parkere på utstillingsplassen ved Stadion.

– For å hindre trafikk-kaos i sentrum vil butikkane på Vikeøyrane verte stengd kl 1900. Vi har også leigd Utstillingsplassen til parkering for dei som skal på konsert. For dei som nyttar handicap-parkering, er området ved Lånekassa sett av til desse, seier Mork.

Det vert to inngangar til arrangementet. Desse verti plasserte ved brua til Vikeøyra og ved Lånekassa, og dørene opnar kl. 1930.

Mork og Aanes håpar desse tiltaka kan gjere arrangementet til ei god oppleving for publikum, og kan garantere god stemning i hamneparken torsdag kveld.