– Personellet frå Røde Kors stiller opp på friviljug basis, med berre éin intensjon – nemleg å hjelpe. Då er det heilt meiningslaust at dei skal verte utsett for vald. Vi i politiet oppretta sak, og starta etterforsking umiddelbart, seier Hagen.

Det var natt til 1. mai at politiet fekk inn melding om slagsmål ved eit  arrangement ved Hovdevatnet i Ørsta.

Sjølv om politiet var på staden berre fem minutt etter at meldinga tikka inn, vart totalt fem personar skadd. Dei måtte fraktast til legevakta, og ein av dei vart innlagd på Volda sjukehus.

Ingen av dei involverte var russ, men ein av dei som måtte til legesjekk var frå Røde Kors.

– Heilt uprovosert

Korpsleiar Tormod Eldholm i Volda seier dette er fyrste gong dei vert utsette for vald på slike arrangement.

– To av våre friviljuge var på veg vekk frå festområdet då dei høyrde ein mann som kom springande etter dei og ropte. Før folka våre fekk summa seg vart dei slegne rett ned begge  – heilt uprovosert. Dei kom heldigvis frå det utan varige mein, seier Eldholm.

Lensmann Hagen opplyser at dei enno ikkje har gjennomført eit formelt avhøyr, og at dei ikkje har fått noko forklaring på kvifor personen utøvde valden.

Ikkje meir Røde Kors?

Korpsleiaren seier no at dei må vurdere om dei skal tilby tenestene sine framover eller ikkje.

– Organisasjonen vår tek sterk avstand frå slik valdeleg oppførsel, og vi vil no vurdere om vi skal slutte med sanitetsvakter natt til 1. og 17. mai i Volda og Ørsta. Minstekravet er at det er god tryggleik for eige mannskap, seier han.

Viktig engasjement

Lensmann Hagen er klar på at han set pris på at Røde Kors stiller opp, og håper at dei vil ta avgjer om å halde fram.

– Edru vaksne medverkar positivt på desse kveldane med å vere til stades. Vi vil gjerne ha enda sterkare engasjement frå foreldra, men vi forventar absolutt ikkje at dei skal gå inn i mengdene og bryte opp slåstkampar.

Hagen har lite til overs for Hovdevatnet som eit område for festplass.

– Eg håper russen og andre finn ein anna plass å vere. Eigentleg burde ein stengd av vegen opp dit. Hovdevatnet har vanskeleg tilkomst, og naudetatane slit med å kome seg dit dersom uhellet er ute. Samstundes er det eit mørkt og uoversiktleg område, seier han.