Det opplyser leiar i 1. mai-komiteen, Gudny Fagerhol.

Den unge og lovande politikaren vert dermed den yngste 1. mai-talaren i Fagerhol si 30 år lange karriere i politikken.

– Det er nok av grunnar til at vi valde å gje denne oppgåva til Fredric. Ikkje berre sit han som ein av dei yngste i Ørsta kommunestyre og Møre og Romsdal Arbeiderparti, men han er også inne i sentralstyret i AUF. Når han i tillegg har ei enorm politisk interesse og heilt utrulege talegåver, føler vi at han vil passe godt til oppgåva 1. mai, seier den tidlegare ordføraren.

Forutan å snakke generelt om politikk, trur ho at Fredric kjem til å nytte høvet til å tale ungdommane si sak.

– Han er sjølv student, og er ein politikar for framtida. Vi i Ørsta skal i alle fall gjere det vi kan for å få han inn på Stortinget, seier Fagerhol.

Fredric talar på Ørsta Kulturhus.