Nokre artistar vel  å starte musikkarrieren si med plateslepp, men gitaristen Stig «Ulv» Ulvestad byrjar i den andre enden. Etter ti år som studiomusikar og lokalkjend strengeklimprar, markerer han jubileet med å gje ut si fyrste fullverdige plate.

God årgang

Sjølv om låtane enno ikkje har funne vegen til folk sine øyregangar, er mykje av materialet av god gamal årgang.

– Nokre av låtane har eg jobba med sidan eg byrja med musikk på profesjonell basis for ti år sidan. Alle songane har si eiga historie, og difor er eg no trygg på å sleppe dei ut, seier Ulvestad.

Musikarar

Med seg på plata har gitaristen fått med seg eit høgst kompetent koppel av musikantar.

Audun Ellingsen spelar kontrabass, medan Henrik Lødøen gjer jobben på perkusjon/trommer. Svein Erik Åmås står for tangentane, og Morten Bollerud supplerer med trekkspel. Bjørn Roger Hagen skal ha ansvaret for lyden på platesleppet.

– På torsdag kjem vi til å spele gjennom heile albumet, og deretter starte platesalet. Songane vert også gjeve ut på vinyl, og kan kjøpast på ei rekkje butikkar i Ørsta, Volda og i Ulsteinvik, seier Ulvestad.

Det vert også muleg å høyre nokre av låtane før den tid. Onsdag skal han nemleg spele i studio på NRK P1.

Turné

Fram mot sommaren vert det fleire høve til å sjå og høyre Ulvestad i levande live.

– I januar og februar kjem eg til å spele i lokalområdet, men frå mars og utover går turen til austlandet. Til no har eg fått tinga 12–13 jobbar, så det vert ein lang og god turné. Det må til når eg no skal etablere meg sjølv som ei merkevare, seier han.

Ulvestad kjem til å halde nokre solokonsertar, men målet er å ha med ein person på perkusjon/trommer.

– Og kanskje ein på kontrabass. Vi får sjå, avsluttar den nybakte albumartisten.