To personar er berga ut av eit snøskred på Bondalseiedet torsdag kveld. Den eine er uskadd, medan den andre har skader, opplyser politiet. Ingenting tydde torsdag kveld på at fleire vart tekne av skredet, og leiteaksjonen vart  avslutta i 22-tida.

I frikøyringsområdet

Skredet starta frå Eitrefjell, og gjekk aust for stolheisen i frikøyringsområdet, altså i retning mot Bondalen. Dei to skiløparane som vart tekne, greidde sjølve å kome seg ut frå skredet. Dei venta ved rasområdet til hjelpemannskap kom til staden.

Den eine er uskadd, medan den andre truleg har brotskadar i beinet. Han vart frakta til Volda sjukehus i ambulanse, medan den andre vart teken hand om på staden av hjelpemannskap der. Den skadde vart teken ned frå rasområdet i slede av hjelpekorpset sine folk. Han kom ned like før kl. 21.00, og vart teken rett i ambulanse.

Politiet har snakka med den uskadde personen, og han opplyser at det var to personar, inkludert hans sjølv, som vart tekne av skredet.

Det var kl. 20.22 politiet fekk melding om snøskredet. Det var då slått full alarm, og det vart rykt ut med lavinehundar, hjelpekorpsmannskap - og både ambulansar og luftambulanse.

Rasfare

- Raset gjekk 20.20. Vi er  ganske sikre på at det ikkje er fleire i raset, men det vert gjennomført grovsøk for å vere sikker på at ingen fleire er tekne, opplyste skadestadsleiar, politibetjent Frode Digernes til Møre-Nytt på staden..

Han poengterete då at aksjonen kunne verte avslutta ganske raskt.

- Det har vore mykje vind her i heile dag, og ein skavl har bygt seg opp. Vi vurderer rasfaren som stor for leitemannskapa som er inne i området, seier Digernes til Møre-Nytt.

Like etterpå, kl. 22.00, vart då også aksjonen avslutta.

Dei som deltok i aksjonen var følgjande: Volda og Ørsta Røde Kors, skredgruppe; Ørsta Røde Kors Hjelpekorps; Volda Røde Kors Hjelpekorps; Norske redningshunder og i tilllegg politi, ambulanse,luftambulanse og Sea King-helikopter.

Dei to personane som vart tekne av skredet er studentar. Dei er eit brødrepar som begge er fødde i 1989.

Skavl

Dei to heldt på med frikøyring då ein skavl losna frå fjellsida ovanfor dei. Skredet var 250 meter langt, og femti meter breitt.

Skisenteret var framleis ope då skredet gjekk, og det var mange som var på ski i sjølve hovudtraseen.

Luftambulansen var med på bergingsaksjonen. Foto: Kjell Arne Steinsvik