- Hei, Ørsta kommune. Vi er utan straum, telefonog internett. Men elles har vi det bra, viss de skulle vere interessert.

Folket i Norangdal kjenner seg gløymde ogheilt nedprioriterte etter orkanen Dagmar sine herjingar. Onsdag kveld gårbygdefolket inn i det fjerde døgeret utan straum, internett og telefon.

Kritiske

No er bygdefolket kritiske til Ørstakommune, for dei har ikkje registrert eit einaste spørsmål frå kommuneleiingaom korleis dei har det, og ingen informasjon om når dei kan få tilbake infrastrukturenhar kome dei for øyre.

- Vi høyrde ordføraren på radio seie at vi skullefølgje med på kommunen sine heimesider. Korleis kan vi følgje med på kommunensine heimesider når vi ikkje har tilgang til noko som helst? Undrar SteffenNordang.

Ingen VHF

Han er grendelagsleiar i Norangdal, og stussarogså over opplysningar om at bygdefolket kan bruke ein VHF-radio for å haldekontakt med omverda.

- Kvar er denne radioen? Vi veit atsambandsutstyr på brannstasjonen vart sjekka ut for tre veker sidan. Detfungerte ikkje, seier Nordang med eit sukk.

Mørke og isolasjon

Møre-Nytttok turen til Norangsfjorden onsdag ettermiddag. Det er bygdelag i mestfullstendig mørke og isolasjon. Nokre stader går aggregata som sikrar straumtil driftsbygningar og frysarar.  Men idei fleste husa er det bekmørkt. Det er som å køyre gjennom einspøkjelseslandsby.

- Nei, det er vel berre å innsjå at vi sit nedstved bordet, seier Sivert Sellereite. Han eig eit tun på Skylstad, og der reisteløetaket i orkanen.

Moderat skadeomfangf

Men elles er sjølve skadeomfanget i Norangsfjordenmoderat. Nokre tak og naust har gått, men folk opplever at Nyttårsorkanen varverre.

Men med unntaka av isolasjonen.

- Faktisk var vi fullstendig isolerte i todøger. Straum, telefon og nett forsvann, men også vegsambanda var stengde.Norangsdalen vart steng før jul, og ferja Sæbø – Leknes var som vanleg helgedagsinnstilt1. juledag, men gjekk heller ikkje andre juledag på grunn av orkanen, fortelOddny Flugekvam.

Skyssbåt

Ho og bygdefolket synest nokon frå leiingai Ørsta kommune burde ha vist seg.

- Om ikkje ferja gjekk, har kommunen ein skyssbåtdei kan nytte.  Det synest vi burde havore gjort, seier Flugekvam.

Møre-Nytt møtte fleire av bygdefolket på ferja heim tilNorangsfjorden. Då hadde fleire vore på arbeid, medan andre hadde vore på Sæbøeller i Ørsta for å handle varer. Nokre hadde fått ladda batteria påmobiltelefonen, for på Lekneset når ein tak i mobildekning.

Vanskeleg

For mange har det vore vanskeleg å nå ut med informasjon omat dei har det bra. Men det er ikkje alle som har det bra. Nokre har alvorlegsjukdom, og isolasjonen skaper angst for at naudtenesta ikkje vert nådd omsituasjonen skulle forverre seg.

- Difor synest vi at kommunen no må ta affære, ogsikre oss i alle fall kommunikasjon, seier Steffen Nordang.

Urke kraftverk

Bygdefolket meiner også Tussa Kraft bør tenkje seg om eingong til når det gjeld Urke kraftverk. Slik opplegget er i dag, kan ikkje straumenfrå kraftverket nyttast lokalt.

- Tussa må kunne gjere noko som gjer at dennekrafta kan verte nytta lokalt når det oppstår krisesituasjonar som vi har hattsiste dagane, seier Steffen Nordang.

Urke låg mørklagd onsdag ettermiddag. Foto: Rune Sæbønes
Sivert Sellereite miste løetaket i orkanen. Han tvilar på det vert straum på Skylstad med det fyrste. - Vi sit nedst ved bordet, seier han. Foto: Rune Sæbønes