– Vi vil ikkje berre vise datoane, men også gje folk ei litterær oppleving med gode historier, seier Terje Kjøde, som har skrive sakene i årets produkt.

Her kan ein rett nok lese om ørstingar som har vore suksessfulle innan fotball, men Kjøde vil famne breitt, og skriv også om skihopparar, leiarar som snakkar langsiktig strategi, gryande friidrettsstjerner, fotballfrelste familier, og om stoda til seniorar som nådde toppen av karrieren lenge før underteikna journalist var fødd.

Fellesnemnaren er at alle medverkande har ei tilknyting til fotballgruppa i Ørsta IL.

– Årets kalender er ein miks av alle typer, og vi vonar at ein på denne måten kan nå flest muleg, og at den fell i smak, seier Kjøde.

Miljø og interesse

Bjarte Myrold sit i det økonomiske utvalet, og seier at han håpar folk vil støtte fotballgruppa ved å kjøpe kalenderen.

– Spelarane kjem etter kvart på dørene for å selje, men ein kan også ta kontakt med oss for å få tak i eit eksemplar, seier Myrold.

– Kvifor valde de å lage ein slik avis-kalender?

– Fordi vi trur det kan vere med på å skape meir miljø og interesse kring fotballgruppa, enn dersom vi berre hadde hatt bilete. I tillegg fekk vi svært god respons då vi gjorde det same for tre år sida. Vi håpar kalenderen slår til i år også, seier Myrold.