Rotaryklubbane har ambisjonar om å setje aktuelle samfunnstema på dagsorden, og ønskjer difor å invitere til eit ope folkemøte der folk kan diskutere korleis vegløysingane gjennom Ørsta og Volda kan løysast i framtida.

Særleg etter at Kvivsvegen opnar vil spørsmålet om det skal byggjast ein Voldatunnel, og korleis han eventuelt skal finansierast verte aktuelt.

Rotary har invitert fleire personar med meiningar om vegstrukturen til å delta, mellom andre Svein Sunde, Ingrid Opedal, Jørn Kippersund og ordførarane Arild Iversen og Rune Hovde.

Alle andre som møter opp vert også oppmoda om å kome med sine innspel og synspunkt.

Ein representant for Statens vegvesen vil også delta på møtet for å fortelje kva som er muleg å gjennomføre av planar.

– Ein kan gjerne ha ønskje og draumar, men spørsmålet er kva som er realistisk å få til. Vi ønskjer å få svar på det. Det er mange synspunkt i debatten, men ikkje alle er muleg å kombinere. No kan ein få klarlagt kva som er realistisk, og samstundes få lagt eit par ballar død, seier Geir Høydalsvik og Per Svein Krøvel i Rotaryklubbane i Volda og Ørsta.

– Skal vi styrkje regionen som eit knutepunkt, er vi nøydd å kome oss vidare. Om folk dreg i forskjellige retningar, er det vanskeleg å få til noko.