Helge Ressem i Ørsta-bedrifta Profunda hevdar at forskingsarbeidet i verksemda kan løyse lakselusproblemet, og dermed verte redninga for oppdrettsnæringa i Noreg.

Lykkast ein ikkje i dette arbeidet, vil næringa i framtida derimot bli prega av høge kostnader og stagnasjon.

Milliardkostnad

Lakselusa påfører oppdrettsnæringa ein milliard i direkte kostnader. I tillegg kjem kostnadene ved manglande utvikling av næringa, som er ein skjult, men betydeleg kostnad. Fiskeridepartementet har sett foten ned for nye eller utvida konsesjonar før problemet med lakselus er løyst. Det er derfor eit betydeleg problem som næringa slit med.

Berggylta kan bli redninga

Det var på bedriftsbesøket at yrkesnettverket i Ørsta Rotaryklubb fekk innsikt i den nyskapande bedrift i Barstadvik. Det blir nedlagt eit betydeleg forskingsarbeid for å få bukt med lakselusa, og Profunda er eitt av fire klekkeri der det blir jobba intenst for å løyse problemet.

Og det er berggylta som kan vise seg å bli redninga for den norske oppdrettsnæringa. Fisken høyrer til  leppefiskfamilien, og fisken livnærer seg på lakselusa.

Dei store aktørane i oppdrettsbransjen satsar no store summar på å lykkast i oppdrett av berggylte. Det er ei rekke kritiske faktorar, og det er semje om at det er «nesten umogleg» å få til oppdrett av leppefisk. Tørrfôr til berggylta eksisterer ikkje, og må dyrkast fram spesielt for å få effektivt oppdrett. Akkurat no blir det drive forsøk på eit spesialfôr av reke til 1.000 kr/kg. Det er knytt ei viss spenning til om berggylta vil gå over til å ete lakselus etter å ha vorte van med å ete tørrfôr.

Ideelt i Barstadvik

Helge Ressem løyner ikkje at han er svært godt fornøgd med å drive Profunda frå Ørsta. Ressem fekk god kontakt med dåverande ordførar, Nils Taklo, i 1998 og fekk sikra seg gode lokalitetar.

Avgjerande for verksemda er tilgang til salthaldig grunnvatn. Det reine, stabile og salthaldige vatnet er ein stor fordel i fiskeoppdrett. Og i Barstadvik er det nok grunnvatn til å utvide aktiviteten betydeleg.