I juni i år inviterte Volda-ordførar Arild Iversen, helseminister Bent Høie til å besøke Volda sjukehus. Svaret frå Høie var at dette ikkje var aktuelt før kommunevalet. No inviterer Volda på nytt.

– Det er eit sterkt ynskje at helseministeren ved sjølvsyn får høve til å få førstehandskunnskap om eit godt fungerande lokalsjukehus før regjeringa presenterer Nasjonal helse- og sjukehusplan denne hausten, skriv Iversen.

I invitasjonen seier han at dei er opptekne av at sjukehuset også i framtida skal ha eit fullverdig akuttilbod.

–  Det gjeld akuttilbod innan kirurgi, ortopedi og indremedisin og fødeavdeling. Volda sjukehus har alt tilpassa seg delinga mellom kirurgi og ortopedi med eigne vaktlag og dette fungerer godt. Sjukehuset i Volda har stabil og god tilgang på fagfolk. Dei nye vegsambanda Eiksundsambandet og Kvivsvegen knyter eit større omland til lokalsjukehuset. Dette gjeld også i betydeleg grad kortaste reiseveg for mange pasientar i Nordfjord.

Også når det gjeld forsvarleg beredskap, minner Iverson om at omsynet til reisetid, geografi og vertilhøva er viktige moment å ta med seg.

– Og utan akuttfunksjonar slik vi har i dag vert denne beredskapen alvorleg svekka.

Iversen håper Høie kan kome så snart som råd til Volda, og seier at han ønskjer å leggje til rette for eit møte med tilsette ved sjukehuset, i tillegg til deltaking frå Helse Møre og Romsdal og Volda kommune.