Volda TI Allianseidrettslag søkjer Volda kommune om lånegaranti på 3,3 millionar kroner til utviding av klubbhuset ved Volda stadion. Kommunal garanti er også ein føresetnad for at prosjektet skal verte godkjent som spelemiddelprosjekt, og få utbetalt inntil 1 million kroner i spelemidlar.

Volda TI Fotball har behov for ei utviding av klubbhuset for å støtte ein sterk vekst i aktivitetane. Klubben har difor behov for å tilby tenlege tilhøve for leiing, tilsette, trenarar, dommarar og andre, melder dei i søknaden til kommunen.– Dagens klubbhus er for lite til å kunne ha større møte der, og kjøkkenfasilitetane treng fornying. Vi ønskjer i større grad enn tidlegare åskape eit pulserande klubbhus med aktivitetar frå morgon til kveld, skriv dei i søknaden.