IMDi registrerer at Ørsta kommune har gjort vedtak om å busetje 25 flyktningar i 2015, og at fire av desse skal vere einslege barn og unge. Det same talet for busetjing er også gjort for 2016.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet aksepterer dette talet, sjølv om det vart oppmoda om å ta i mot 48 flyktningar i inneverande år. Ørsta kommunestyre gjorde sitt vedtak med atterhald om at mottaket vert finansiert av staten.

IMDi viser til at dei no har fått i oppgåve å forhandle med kommunane om den økonomiske sida av busetjinga, og ber kommunen om å stå fast på vedtaket om busetjing av 27 flyktningar i åg og neste år.

30 per år

Basert på prognosar for kva Noreg skal ta i mot av flyktningar dei komande åra, ber IMDi om at Ørsta kommune tek i mot 33 flyktningar i 2017, og 30 flyktningar per år i 2018 og 2019.

Kommunen vert ebden om å svare på denne siste oppmodinga innan utgangen av november i år.