Dersom du ringer 116117 blir du ruta til den lokale legevaktsentralen. Her i distriktet kjem du til kommunane sin eigen legevaktsentral ved Akuttmottaket, Volda Sjukehus.

– LV-sentralane er telefon- og rådgjevningssentralar og koordinerande eining når legehjelp hastar, men kan vente litt. LV-sentralen skal m.a. gi råd og rettleiing og har moglegheit til direkte kontakt både til vakthavande lege i distriktet og overdrag til 113 (AMK og ambulanse) LV-sentralen er døgnbemanna med sjukepleiarar. Det er gratis å ringe 116117 frå både fasttelefon og mobiltelefon, seier kommuneoverlege Arne Gotteberg.

Førre veke vart det nye systemet testa ut ved legevaktsentralen i Volda. Om du ringjer frå mobiltelefon og er i eit grenseområde kan du kome til ein annan sentral enn du hadde venta. Nokre som ringde frå Sæbø med mobiltelefon kom til Ålesund, og folk frå Sula kom til Volda. Om dette skulle skje vert du raskt sett over til riktig sentral.

– For alle vanlege ting bør du alltid ringe direkte til fastlegekontoret først. Også legevaktarbeid vert ordinært utført på det lokale legekontoret. Det er på det lokale legekontoret du blir sett opp på legetime, blir undersøkt og behandla. Unntak er nattlegevakta. Fastlegen eller fastlegekontoret som du høyrer til, er din hovudkontakt inn i helsetenesta. Så det meste av slike ting skal ordnast ved å ringe dit. Når du treng legehjelp og ordinære legetenester i opningstida, ringer du fylgjande telefon: Volda Legesenter 700 58 900, Ørsta Legesenter 700 48 050, Sæbø legekontor 700 40 041 og Vartdal legekontor 700 45 050. Når det hastar eller fastlegekontoret er stengt ringjer du 116117. Når det er akutt og liv og helse står på spel ringjer du 113.

Legevaktsentralane har krav på seg til å svare på åtti prosent av telefonane innan to minutt. Ifølgje Gotteberg er det ei tydleg standardheving no med at dei som tek kontakt kjem til sjukepleiarfaglegsentral som vil guide deg i systemet.

– Dei gamle lokale legevaktnummer er vel innarbeidde og kunngjorde i telefonkatalog og lokale publikasjonar. Dei vil framleis kunne nyttast som tidlegare, men publikum blir sterkt oppmoda om å ta i bruk det nye nasjonale legevaktnummer 116117 frå 1. september 2015 av. Dette er det same telefonnummer uansett kor du oppheld deg i landet og det er lurt å innarbeide fordi det er lett å hugse. Skulle det t.d. vere «barnesjukdommar» knytt til oppstart og innfasing av 116117, eller andre grunnar tilseier det, så vil det framleis vere mogleg å ringe den kommunale legevakta på same måte som før.