Det seier seksjonsleiar Jacob Devold i Pasientreiser Møre og Romsdal, når Møre-Nytt spør kva ein pasient skal gjere dersom dei får forverra helsetilstand og får behov for anna tilrettelegging på turen, etter at dei har gjort bestillingane sine hos Pasientreiser.

– Eg kan ikkje kommentere enkeltsaker, men om det skjer ei medisinsk utvikling som fordrar eit nytt omsorgsnivå, er dette ei medisinsk vurdering som må verte gjort av ein behandlar, og ikkje av Pasientreisekontoret. Avhengig av alvorlegheitsgrad er det då fastlege/legevakt/AMK som må verte kontakta. Om det derimot er ei trafikal utfordring som må verte løyst, så vil vi kunne hjelpe med dette, seier han.

Billegaste alternativet

– Dei fleste pasientreiser vert utført av pasientar med eit funksjonsnivå som gjer at dei sjølv ønskjer å ta seg til og frå behandling. Desse vel då sjølve korleis dei ønskjer å reise, og får dekt utgiftene sine etter Pasient- og brukarrettlova, som seier at stønaden som vert gitt vert rekna etter taksten for billegaste rutegåande transport, seier Devold.

Det vil seie at dersom Hildegunn Ose heller hadde valt å reise til Haukeland universitetssjukehus for konsultasjon med lege, så er det ikkje dermed sagt at ho hadde fått reise direkte frå Ørsta-Volda lufthamn, Hovden til Bergen. Truleg måtte ho ha reist via Vigra, noko som ville gjort turen om lag like lang som den ho tok til Trondheim.

– Der er eit heilt sentralt hovudprinsipp i lovverket som seier: «Ved beregning av stønaden skal taksten for den billigste reisemåten med rutegående transportmiddel legges til grunn, med mindre pasientens helsetilstand gjør det nødvendig å nytte et dyrere transportmiddel, eller det ikke går rutegående transport», informerer Devold.

Pasientreiser tilbyr også i enkelte tilfelle tilrettelagt transport gjennom leverandørar knytt til helseføretaket. Dette vert gjort for mellom anna å sikre tilstrekkeleg tilgjengeleg kapasitet på til dømes rullestolbilar. Også dette må verte rekvirert av behandlar på medisinsk grunnlag og av Pasientreisekontoret på trafikalt grunlag.