– Vi startar med stand komande laurdag. Første laurdagen skal vi vere i gågata. Andre laurdagen skal vi vere på Anders Hovden-plass, og tredje og siste laurdagen held vi til ned mot sjøen ved Amfi om vêret er godt nok, seier Karen Høydal (Ap).

At dei politiske partia samlar seg tre laurdagar på rad før valet er nytt av året.

– Vi er nok ueinige om ein del saker, men det at vi har kunne einaste om dette meiner eg er positivt. Vi har tre laurdagar i år som er nytt, og vi står saman som også er nytt. Vi vil og verne om litt av dei same grunnverdiane som t.d. ytringsfridom. Det trur eg tenar oss til det gode, og truleg veljarane også, seier Paul Kristian Hovden (KrF).

I tillegg til å vere tilgjengeleg for veljarane i Ørsta vil dei ulike partia også halde appell.

– Rundt klokka tolv kvar laurdag så vi vil forsøke å gje ein kort appell til publikum, seier Høydal.

No har partia von om at både dei som har bestemt seg og dei som er usikre på kven dei skal stemme på møter opp på stand og snakkar med politikarane.

– Det ligg mykje arbeid både brosjyrane og politikken, og dette er eit frivillig arbeid. Vi vonar at folk har lyst til å høyre på og snakke med oss. Å spørje og få svar trur eg ganske viktig, og folk må ikkje vere beskjedne. Vi vil også høyre kva veljarane meiner, seier Høydal.

– Gjennom ei samtale kan du få fram meir nyansane i politikken enn gjennom dei setningane vi har sett opp i programma. Desse nyansane kan vere viktig, også i lokalpolitikken, seier Gunnar Knutsen (V).

Alle partia har von om ein god valkamp, og at valoppslutninga vert betre enn tidlegare år.

– Vi oppfordrar til at rekorden vert slått og at folk brukar stemmeretten sin, seier Odd Magne Vinjevoll (Frp).

Dei med stemmerett kan bruke søndag 13. september og måndag 14. september til å stemme. I tillegg til at det er mogleg å førehandsrøyste.

– Dei som har vanskar med å stemme oppmodar vi til å ta kontakt, men det skal vere godt tilrettelagt for å stemme i Ørsta kommune. Det er og viktig å lese korleis du skal stemme på stemmesetelen og valkortet.