Laurdag avslutta dei fire sherpaene som har vore leigd inn av Saksa turstiforeining arbeidet med å lage ei ny rås gjennom det vanskelege og urete partiet på råsa mot Saksa ved Urke.

Saksa, 1076 meter over havet, har lenge vore eit ynda turmål. Med den nye råsa, vil turen verte ein av dei mest populære i den lokale fjellheimen.

Overvelda

– Det har vorte utruleg flott. Det er mest slik ein vert vonbroten når ein er ferdig med trappene, fortel Linda Stokke.

Ho var på tur til Saksa torsdag saman med familien, og ho og dei andre var overvelda over det dei såg, opplevde og kunne gå på.

For det sherpaene har gjort, er å lage ein hellelagt trappesti over heile det vanskelege partiet med ur. Dette har vore eit parti som mange har vegra seg mot å gå, og det ikkje utan grunn. Det har vore falluhell her, og folk har vorte skadde.

– Og så er det gjort nennsamt. Det er ikkje slik som andre stader, der ein har floge inn stein med helikopter for å betre ein sti, seier Arve Rødvik, mannen til Linda.

Stabilt og stødig

Det er eit kunstverk som har vorte laga. Frå ura startar halvveges nede i den siste fjellsida opp mot Saksa, og til ura sluttar, berre nokre få hundre meter frå toppen, er stein og heller lagt slik at det er som å gå ei fin trapp. Det er stabilt og stødig, og det er slik at ein må stoppe av og til, ikkje berre fordi fleire hundre høgdemeter frå Urke røyner på, men berre fordi ein må sjå og nyte. Både trappa og utsikta.

– Før har det vore slik at folk må vere veldig konsentrerte i ura. Steinen har vore laus. No stoppar folk opp, snur seg, og ser kor fantastisk utsikta er, fortel Bente Aambakk, ein av eldsjelene i Saksa turstiforeining, som står bak arbeidet med å få laga til Saksa-råsa.

Og det er noko heilt spesielt med utsikta frå Saksa, og for så vidt utsikta på vegen opp. Ettersom kvar råsa går, kan du eine augneblinken sjå innover Norangsfjorden, mot majestetiske Slogen og Norangsdalen.

Og brått er utsikta mot sjølve Hjørundfjorden, og ingen andre stader er det ei slik utsikt over Bondalen.

Fagarbeid

For sherpaene frå Nepal er arbeidet med Saksa-råsa daglegdags. Det er faget deira å lage slike råser.

– Det har ikkje vore noko spesielt med dette arbeidet. Det handlar om å finne dei rette hellene, leggje dei rett til, stabilisere, og lage ei god rås, fortel dei til Møre-Nytt.

Heilt ufarleg har ikkje arbeidet vore. Då Møre-Nytt var der opplevde dei at stein trilla ned mot dei etter kvart som dei tok ut heller og stabiliserte.

Tre veker

Sherpaene vil ha vore på Urke i tre veker i dag, og mesteparten av tida har dei vore i fjellet, både i regn og kulde, som fyrst under opphaldet, og den siste veka i steikande sol og varme.

Folk kan nå Saksa med å gå både frå Urke og Lekneset. Frå Lekneset går råsa under og forbi Leknesnakken og til Leknesdalen. Frå Urke går råsa opp til Leknesdalen. For nokre kan det vere litt bratt. Frå Leknesdalen går råsa ganske slakt over eit par åskammar før sjølve stigninga opp den siste fjellsida byrjar. Ho er på om lag fem hundre høgdemeter.

– Men det gjekk utruleg mykje raskare å gå opp no når trappene har kome, fortel Linda Stokke.