11. september kjem standup-showet Latter on Tour til Ørsta kulturhus, der tre anerkjende og drivne komikarar vil stå på scena: Ørjan Burøe, Henrik Thodesen og Cecilie Steinmann Neess. Interessa for showet har vore så stor at det er sett opp ekstraframsyning same kveld.

– Billettane til første show vart utselt på nesten ein dag, og det vart raskt laga til ei ekstraframsyning. Det er kjempegøy, seier Ørjan Burøe til Møre-Nytt.

Ørjan Burøe er personleg godt kjend på Sunnmøre, og spesielt Ørsta og Volda, då han har vore saman med bloggaren frå Ørsta, Marna Haugen, betre kjent som Komikerfrue, i 12 år.

– Eg kjenner Sunnmøre og sunnmøringar godt, og eg kan love ei personleg framsyning. Eg likar at folk på Sunnmøre er så joviale og folkelege, og at dei tek humor for det det er, fortel Burøe.

Til ekstraframsyninga er der framleis ledige billettar, og Ørjan Burøe håper mange tek turen til tidenes show i kulturhuset.