Ørsta Brettklubb ønskjer å over­ta bruktbilhallen i Strandgata og har no søkt løy­ve om å flyt­te han.

Plan­en for plast­hall­en som skal fjer­nast frå ga­mle Ørsta Bil er no røpt. Ørsta Brettklubb (un­der ski­ping) har eit stort øns­ke om å over­ta hall­en for å lage til eit or­ga­ni­sert til­bod for rullebrettkøyrarar. Dei har vore i di­a­log med ei­gar­ane av hall­en, og no har dei spurt kom­mu­n­en om løy­ve til å flyt­te den til grus­ba­na ved Ørsta stadion, med for­mål om å lage til ein inn­ven­dig rullebretthall.

Or­ga­ni­sert mil­jø

I bre­vet po­eng­te­rer dei man­ge­len av til­bod for rullebrettkøyrar i Ørsta, og for­kla­rar at denne plast­hall­en vil fun­ge­re godt for føre­må­let deira. Idé­en om å plas­se­re den på grus­ba­na ved Ørsta Stadion er skis­sert. Dei mei­ner det­te er ei na­tur­leg plas­se­ring av hall­en.

– Det er vik­tig at hall­en vert flyt­ta dit det allereie er mykje ak­ti­vi­tet. Flyt­tar ein hall­en til ein usent­ral plass vil mil­j­øet ver­te eks­klu­de­ran­de, sei­er Knut Steinnes, som vil fun­ge­re som leiar i Ørsta Brettklubb når klub­ben er ski­pa.

– Her er inga god are­na for ska­ting i Ørsta. Mange rei­ser til utan­dørs­an­leg­get i Volda, men det kan ikkje nyt­tast når det reg­nar. Går plan­en vår i boks vil til­bo­det vere ut­fyl­lan­de også for dei som bur i Volda eller an­dre stad­ar. Ein inn­ven­dig rullebretthall vil bi­dra til å byggje opp eit or­dent­leg rullebrettmil­jø som er trygt og ink­lu­de­ran­de.

Dug­nad

Dei hå­per plan­en vert raskt god­kjent slik dei kan kome i gong med flyt­ting og byg­ging av park­en. Alt ar­beid skal gje­rast på dug­nad, og mid­la­ne til byg­ging vert skaf­fa gjennom spon­sor­ar.

– Alle vi har snak­ka med er po­si­ti­ve til ide­en og er gira på å hjel­pe til med dug­nad. Må­let er å byggje ein hall av god kva­li­tet som kan pas­se både ny­byr­jar­ar og vi­da­re­kom­ne. Det­te er første skritt for å eta­ble­re eit godt or­ga­ni­sert rullebrettmiljø. Vi vil også ar­bei­de for at fleir­bruks­hall­en vert lagt til ret­te for rul­le­brett, BMX og sparke-/trik­se­syk­lar. Alt inn­ven­dig i plast­hall­en vil vere mo­dul­ba­sert slik at det en­kelt kan flyt­tast til fleir­bruks­hall­en sei­na­re.

– Vi har ei von om at kom­mu­n­en støt­ter opp un­der en­ga­sje­men­tet, då vi veit at in­te­res­sa og be­ho­vet for det­te er stort.