Heile 50 prosent auke i kinobesøket i Ørsta i sommar.

Ørsta kino kan melde om godt besøk denne sommaren, med heile 50,3 prosent meir besøk i juli i år samanlikna med i fjor.

– Hovudårsaka til det er nok vêret, men vi har også hatt mange populære filmar på programmet, kan kulturhusleiar og kinosjef Janne M.G. Skarstein fortelje.

Familiefilmen Minions har vore blant dei best besøkte i sommar.

– Og kinosommaren er ikkje over endå. Vi har mykje bra i vente, lovar Skarstein.

Tom Cruise briljerer med å gjere stunta sine sjølv i Mission Impossible – Rouge Nation.

Og kinosjefen nemner også at Paper Towns er vel verdt eit besøk.

– Er du glad i komiske ferieforviklingsfilmar bør du også få med deg Vacation, og i slutten av månaden kjem den etterlengta Karsten og Petra-filmen, der dei reiser på safari. Velkomne til Ørsta kino.