Sentrumsdugnaden held fram. No er vindauga til endå eit bygg dekt til med bilete frå tidlegare verksemd.

Bileta som no er hengt opp i vindauga til huset i Vikegata er av då skomakar Adolf Mo i si tid heldt til i dette bygget.

Det er Ørsta kommune som eig huset, og siste tida har det vorte brukt som lager.

I høve sentrumsdugnaden tok organisasjonen Ørsta Sentrum tak for å gjere bygget i Vikegata penare, og valde i første omgang å dekke for vindauga med bilete. I neste omgang vil huset få to målingsstrøk.

I mai i år fekk det gamle Ørsta Fisk-bygget i Webjørn Svendsen-gata eit andletsløft for å lage det litt meir tiltalande før det skal rivast. I vindauga til bygget kan ein sjå historia om då fiskebutikken heldt til der. Dette har inspirert Ørsta Sentrum i å gjere det same for huset i Vikegata 20. Eilev Mo ved NordvestProfil har stått for å trykke bileta til begge bygga.

– Dette er eit hus med historie, og mange hugsar tida då skomakaren heldt til der, seier Gunnar Knutsen, som er engasjert i organisasjonen Ørsta sentrum.

– Vi håper å bli ferdig innan august. Men no skal vi først måle Kunsthuset i Ørsta, melder Knutsen.