Sidan 25. april har Ørsta Sogelag (i tillegg til nokre andre gode hjelparar) stått bak ein storstilt dugnad for Svendsengarden. To uthus har fått nytt liv og ny måling, og hovudhuset har fått måla eine veggen som vender opp mot E39. No tek dugnadsgjengen ein velfortent pause.

– Det har vore mykje jobbing og også mykje tid som har gått med til å vente på godt vêr. Nokre har brukt mange timar på arbeidet, så no tek vi ein liten pause. Siste rest av målearbeidet på hovudhuset tek vi att neste år, lovar Anne-Mari Øyehaug frå sogelaget.

Det har vorte stilt spørsmål om dei har gått tom for den dyre spesialmålinga som dei har måtta importere frå Sverige, og om det er det som er årsaka til at arbeidet har stoppa opp. Slik er det ikkje forsikrar Øyehaug.

– Vi har pengar att på konto til meir måling, så arbeidet skal verte fullført.