Dette seier styreleiar Paul Kristian Hovden i Fefast. Etter eksplosjonsbrannen i den undersjøiske Skatestraumtunnelen i Bremanger førre veke uttalte administrerande direktør i Norges Lastebileier-Forbund, Geir Mo, at undersjøiske tunnelar er dødsfeller.

– Jo lengre, djupare og eldre tunnelen er, desto farlegare vil tunnelen vere. Skjer det ei ulykke, er tunnelen ei rein dødsfelle, sa Mo til NRK Hordaland.

– Ei ulykke i tunnel er marerittscenarioet for alle som kan bli involvert, fordi det er langt til nærmaste rømmingsveg.

– Skal skje i dagen

Styreleiar Paul Kristian Hovden i Fefast understrekar at han er glad for at det berre vart materielle skader i Skatestraumtunnelen.

– Mo seier at tida for undersjøiske tunnelar er forbi. Eg er hjarteleg einig i det, og vi har tidlegare peika på tryggleiken fleire gonger. Eg seier ikkje dette for å skape frykt, men vi meiner at moderne bygging skal skje i dagen, seier Hovden.

Styreleiaren ønsker at fleire skal lytte det til Mo har å seie utan å verte fryktfull.

– Geir Mo representerer ei av dei største brukargruppene, og fleire bør lytte til det han har å seie i framtida. Uttalen kjem også på eit fornuftig tidspunkt.

Sender brev til Solvik-Olsen

No vil Hovden sende eit brev til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

– Eg har vorte skulda for omkamp med Hafast og at avgjerda er teke, men det er aldri for seint å stille kontrollspørsmål og det kjem ny kunnskap som vi må ta omsyn til. I lys av hendinga i Skatestraumtunnelen og andre hendingar vil eg be samferdselsministeren om å revurdere trasevalet og greie ut Fefast for framtida. Statens vegvesen skal no bruke to år på å greie ut Hafast, og parallelt er det mogleg å greie ut Fefast, seier Hovden.

– Fryktar at vi endar opp med ingenting

Om dette ikkje skulle skje er Hovden redd for regionen her vert ståande att med svarteper.

– Mi for frykt for regionen er at vi endar opp med ingenting, og at vi vert sittande att med dagens trase utan noko anna. I førre statsbudsjett vart det sett av planleggingsmidlar, og det går an å greie ut to alternativ utan å konkludere, seier Hovden.