– Vi har sett av pengar til eit forprosjekt, fortel leiaren i laget, Alf Børre Otterdal.

Eitrefjell har i mange år vore ein populær startstad for dei lokale himmelseglarane. For å kome til toppen utanom skisesongen, har laget ein avtale med Ørsta Skisenter om bruk av stolheisen. Dette fungerer bra, men er ifølgje Otterdal er dette noko tungvint.

– Ein bilveg opp til Eitrefjell vil gje mange gevinstar. Dette vil lette vedlikehaldsarbeidet i området, og bruken av kafeen på Eitrefjell kan aukast mykje då alle kan få høve til å nå dette flotte utsiktspunktet. I dag må alt som skal til fjells sommartida fraktast med stolheisen, fortel Alf Børre Otterdal.

Han meiner skisenteret si turløype vil vere eit naturleg traseval for ei realisering himmelseglarane vonar skal kome raskt.

– Eitrefjell er ein god plass for vår aktivitet. Den harde kjerne flyg derifrå jamt og trutt, fortel leiaren i himmelseglarlaget som sjølv er aktiv.

Spenstig

Tidlegare har det vore presentert spenstige planar for utvikling av området Bondalseidet. I 2009 lanserte Inge Kolås planar som blant anna inkluderte store stallar og hesteskyss, hotell og hytter på Eitrefjell, gondolbane til Veirahaldet og eit fjellslott på toppen.

Vidare låg det i ideen at både hesteskyss, gåande og syklande skal kunne ta seg ned til Follestaddalen, både sommars- og vinterstid. Kolås fekk støtte av dåverande næringssjef Martin Foldal.

– Ørsta er ikkje i nærleiken av å utnytte det potensialet som ligg i fjella kring Bondalseidet. Skal vi klare å utvikle reiselivet lokalt, må vi utnytte dei særlege fortrinna vi har med tanke på naturen rundt oss, sa Foldal til Møre-Nytt.

Inge Kolås har liggande utarbeidde planar og skisser.

– Dette fjellområdet har så stort potensial at ein enno ikkje har forstått det. Skisseforslaget er slett ingen fasit, men ein reiskap for å starte prosessen. Dette vil gagne dei eksisterande næringane i regionen, og ikkje minst Ørsta Skisenter. Primærnæringane vil også kunne spele ei heilt avgjerande rolle for utviklinga i dette området, sa Kolås til Møre-Nytt.