Folk har kanskje observert at det framleis ligg mykje snø i fjella. Den kalde temperaturen har hindra snøsmeltinga i å ta skikkeleg fatt, noko som også gjeld Saudehornet. Det årlege motbakkeløpet under Naturfestivalen er arrangert 1. august, og sjeldan har det vore så mykje snø på fjellet ei veke før arrangementet.

– Vi har observert at der framleis ligg mykje snø, og at den er sein om å smelte. Dette emnet vert ein naturleg ting å ta opp i møta framover, då vi alltid må tenkje på sikkerheit. Skulle snøen vise seg å vere eit problem er det på ingen måte snakk om å avlyse, men om å til dømes finne ein alternativ målgang, forklarar leiar i Ørsta Reiselivslag, Siri Dahl.

– Men eg vil understreke at folk må ta utgangspunkt i at arrangementet blir som før, og at dei må setje av dagen og gle seg!

Deltaking

Oversikt over kor mange deltakarar som vil vere i konkurranseklassa til motbakkeløpet er framleis vanskeleg å seie, då arrangørane har erfaring i at deltakarar ofte er seine om å melde seg på.

– Men for å unngå å betale hundre kroner ekstra må deltakarar melde seg på minst ei veke før, opplyser Siri Dahl.