- Vi har lenge venta på at det skal skje noko i gågata, og no skjer det! Og no må folk kjenne besøkstida si og kome og oppleve denne profesjonelle marknaden med kvalitetsprodukt, slik ein kan oppleve det i utlandet, oppmodar varaordførar Paul Kristian Hovden.

Han fekk smake ost av ein italienar, og fekk stjerneblikk over kvaliteten, onsdag føremiddag då bodene opna.

Er du ein feinschmecker, elller berre matglad, vil du no kunne frotse i  ostar, pølser, oliven, crêpes, søtsaker og mykje anna snadder i salsbodene som er sett opp fram til laurdag i samband med Naturfestivalen.

I din by

Rett frå Tall Ship Races i Ålesund kjem marknaden som er kalla Europa i din by, eit konsept inspirert i dei levande torga i Sør-Europa.

Konseptet handlar altså om ein omreisande marknad som tilbyr typiske og ferske produkt frå ulike europeiske land. Målsetjinga er å skape levande bykjerner prega av kontinental atsmosfære, mangfald og gode smakar frå Europa.

I Vikegata var folk nøgde med tilbodet.

- Dette er eit kjempepositivt tiltak der vi får prøve nye smakar, syntest paret  Benedicte H. Kjelland og Torbjørn Håskjold som hadde med seg borna Jasper (4 mnd) og Silas (2,5 år) på trilletur i gågata onsdag.