Det fortel Dorit Rønning om Urke camping, som på ny vart opna i fjor, etter nokre år ute av drift. Campingen fekk oppleve ein pangstart, då fjorårets sommar var ei solskinshistorie utan like. Sesongen i år har til no ikkje vore heilt optimal på grunn av det dårlege vêret.

Vêravhengig

Gjennomreisande og gjestar set seg til ro når vêret er bra. For kva er vel finare enn ein varm sunnmørsk sommar.

– Men sjølv om vêret har vore dårleg i sommar har vi hatt folk her kvar dag. Og juni var betre enn juli. Det er mest nordmenn med bubil. Og folk som vil gå i fjellet, seier Dorit Rønning.

Vivian Ose Flø kan fortelje om like tilstandar for Ørsta camping.

– For dei førehandsbestilte hyttene går det bra, men gjennomreisande vert berre gjennomreisande, for dei set seg ikkje til ro når vêret er så dårleg. Dei blir ofte berre ei natt.

Elvane trekker turistar

Det gode laksefisket i Ørstaelva og Bondalselva har på den andre side ryktast blant fiskarar, og har vore med på å trekkje til seg folk til campingplassane.

– Eg har fått fleire telefonar frå fiskarar som har høyrt at laksefisket går så bra, og det er artig. Vi er heldig som har elva her, fortel Vivian Ose Flø.

Hjørundfjord camping har også mange laksefiskarar buande der gjennom fiskesesongen. Torbjørn Slettedal kan fortelje at det har vore bra med folk på campingen, og trur at fiskeriet har sitt å seie.

– Rykta om det gode fisket går, heilt garantert.

Ser framover

Mange av dei tilreisande til Urke camping kjem med mål om å gå i fjellet. Men på grunn av framleis mykje snø i fjella har fleire avbestilt hyttene.

– Dei håper å kome att i august når snøven har smelta. Vi får berre håpe at august vert ein finare månad. Det fortener vi. Så ser vi også fram til september når Hurtigruta legg til kai på Urke, seier Rønning.

– August er ein like stor feriemånad, då mange europeiske land har fellesferie då. Så vi får håpe det vert ein fin månad, både for turistane og ørstingane sine del. Aller mest for ørstingane. No fortener vi finvêr meir enn ein dag, så vi får vere ute i varmen og kle av oss, seier ei håpefull Vivian Ose Flø.

(Møre-Nytt prøvde å kome i kontakt med Aurstad camping og Bondalselva camping, men lukkast ikkje).

Sjølv om gråvêret har påverka besøket til fleire av campingplassane, fortel Torbjørn Slettedal at det på Hjørundfjord Camping har vore bra med gjestar. – Det gode laksefisket har ryktast blant folk.