Eskil Rønningsbakken, som er kjent over heile verda for å balansere på m.a. kanten av høge fjell, samarbeider med Naturfestivalen om å organisere ein naturcamp som varer frå komande fredag til søndag. Campen er for folk i alle aldrar, og alle naturglade vil finne aktivitetar som vil fengje, lovar arrangøren.

Nokre hundre meter ovom Steinstøylen i Romedalen, under foten av Hallehornet, er staden for naturcampen. Der kan folk leige plass i ein kjempelavvo, eller dei kan ta med eige telt og vere med på delar eller heile campen. Han er eit nytt innslag i den 22 dagar lange Naturfestivalen som no er i gang.

– Naturcampen er noko Naturfestivalen har mangla då vi har sakna samlingsplassar i samband med festivalen sine turar. Eg er spent på interessa for dette. Vona er at mange vil kome hit og overnatte slik at vi får eit skikkeleg villmarksmiljø, seier Siri Dahl, dagleg leiar i Ørsta Reiselivslag.

Padling

Frå fredag til søndag kan folk få vere med på ei rekkje aktivitetar som parkour (freerunning), slackline, fisking, padling, kompassleikar, fotokurs, klatring og utflukter på kringliggjande toppar. På campen legg dei også opp til hyggje med bål, mat, musikk og historieforteljing. Og ja, der vert også sett opp toalett.

Therese Moe Øye, som driv gaidselskapet Vestferd, skal vere med deltakarane til Hallehornet der Eskil Rønningsbakken skal balansere på kanten av hornet og gje ei eksklusiv framsyning. Moe Øye skal også halde kompassleikar i naturcampen.

Dette er sjette året Eskil Rønningsbakken samarbeider med Naturfestivalen. Balansekunstnaren stortrivst i Sunnmørsnaturen.

– Det som fascinerer meg mest her er dei uslipte fjelltoppane som isen ikkje har teke. Det er ein grunn til at fjella ber namnet Sunnmørsalpane, reflekterer Rønningsbakken som snakkar varmt om Romedalen.

– Han er ein svært vakker stad som er lett tilgjengeleg. Villmarkscampen skal gi store naturopplevingar! Lovar Rønningsbakken.