– Det verkar som nokon har sett dei frå seg på Vatne i håp om at nokon skulle finne dei, seier Reidun Mo, som var på besøk hjå sonen sin på Vatne då ein nabo kom bort og lurte på om kattungane han hadde funne var deira.

– Naboen fann dei førre tysdag i eit skogholt nedom vegen. Kattungane var skjelven og redd. Dei var heilt reine, så dei kan ikkje ha vore der lenge. Vi snakka med dei andre naboane på Vatne, men ingen visste om desse kattungane. Vi har også delt bilete på Facebook.

Opplært

– Det er heilt tydeleg at dette ikkje er villkattar, då dei er lært opp til å gjere frå seg i kattesand og ikkje er noko rot med. Dei er kjempefine og snille, men dei er veldig små og vi veit ikkje kor gamle dei kan vere. Kattungane er heilt avhengig av kvarandre, noko veterinæren vi har snakka med seier at tyder på dei er av same kull.

No håper Reidun Mo interesserte katteeigarar der ute kan ta kontakt med ho, då dei ikkje har kapasitet til å ta hand om dei lenge.

– Jentene mine vil sjølvsagt behalde dei, men å skaffe seg dyr må vere eit bevisst val, då det krev mykje arbeid og planlegging. Vi har eigentleg ikkje tida, forklarar ho.