I nitida måndag var regnvêret kome om lag til fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det er venta at det pøsar ned over Ørsta og Volda frå måndag føremiddag.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om lokalt mykje nedbør. Det kan kome 30-50 mm enkelte stader i løpet av mandagen.

Det er også venta vind saman med regnet. Frå seint i føremiddag sørvest liten og til dels stiv kuling på kysten.

Førebels har ikkje NVE sendt ut flaumvarsel for Ørsta eller Volda. I Møre og Romsdal er slikt varsel sendt ut for kommunane Norddal, Rauma og Stranda. I tillegg er det mellom anna sendt ut varsel for Stryn.

Det er sendt ut varsel om jordskredfare på nivå 2 i Ørsta og Volda. Det vil seie at det er venta nokre jordskred og/eller sørpeskred, og at det kan kome større skred.